Åshild Ulstrup kjem ikkje til senioruniversitetet likevel

Av
DEL

Kvinnherad Senioruniversitet melder måndag at Ulstrup er hindra frå å komma på møtet, og at det derfor blir avlyst.

Her er den opprinnelege førehandsomtalen av arrangementet:

Åshild Ulstrup skal halda føredraget «Sunnhordlendingen i mitt hjarte», står det i pressemeldinga frå senioruniersitetet.

Ulstrup er særleg kjend for personlege intervju i NRK gjennom 40 år, mellom anna i radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laus» og «Middagsstunden». Ulstrup har òg gjeve ut fleire dokumentar- og intervjubøker.

Ulstrup vaks opp på Valen i Kvinnherad. For over 60 år sidan reiste Åshild Ulstrup frå heimbygda, og sidan har Oslo vore heimstaden hennar. I 2015 kom boka «Om Galskap og eventyr – ei reise tilbake til barndommen». I boka går Ulstrup tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med eit mangfald av liv og lagnadar, landskap og opne dører. Ho som sjølv gjennom eit langt journalistliv har fått både gamle og unge i tale, fått dei til å opna seg, snakka om livet, om draumar og håp, fortel her om sin eigen oppvekst.

– Vi ser fram til eit triveleg møte i Kulturhuset på Husnes med ein framifrå kåsør. Det vert som vanleg på senioruniversitetet sine møte, noko å bite i og kaffi etter føredraget. Møta i Senioruniversitetet er opne for alle interesserte som har høve til å delta på arrangement midt på dagen. Vel møtt!


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags