Folkemøte om asylmottak

Det blir ope folkemøte om det nye asylmottaket på Husnes onsdag 17. februar. (Arkivfoto).

Det blir ope folkemøte om det nye asylmottaket på Husnes onsdag 17. februar. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

Onsdag kveld 17. februar blir det ope folkemøte om det nye asylmottaket i Kvinnherad.

DEL

Kvinnherad kommune inviterer til ope møte om etablering av asylmottak i festsalen i Kulturhuset Husnes. Representantar frå UDI (Utlendingsdirektoratet), Hero Norge og kommunen vil informera og svara på spørsmål. UDI vil mellom anna informera om etablering av mottak, kva det vil føra med seg av forpliktingar for kommunen, og korleis dette vil påverka innbyggjarane. Det vil bli gitt ein kort status på flyktningsituasjonen generelt. Hero Norge vil seia noko om korleis dei har tenkt å etablera asylmottaket, om bustadar, drift med meir. Representantar frå kommunen vil vera tilstades. Det blir lagt opp til eit ope møte, med høve til å stilla spørsmål frå salen.

Artikkeltags