2/3 av avisene som er tilslutta Landslaget for lokalaviser, aukar opplaget. Tala viser at lesarane vil ha journalistikken levert som digitale pakkar.
– Rundt 85 prosent av lokalavisene sitt opplag er no digitalt, der lesarane får lokal journalistikk og annonser både på nett og papir, skriv LLA i ei pressemelding.
I pressemeldinga kommenterer generalsekretær Tomas Bruvik i LLA dei ferske opplagstala slik:
– I ei vanskeleg tid der vi ikkje får tenkt så mykje på alt det gode arbeidet som blei gjort i lokalavisene i fjor, er det gledeleg og imponerande at 2/3 av LLA sine lokalaviser aukar opplaget. Det betyr at lokalavisene byr på journalistikk og annonser som er viktig for innbyggjarane i lokalsamfunna. Det ser vi særleg i korona-tidene. Det er avgjerande for landet å ha lokalaviser som tar samfunnsansvar, og som bidrar med livsviktig informasjon til innbyggjarane.
Kvinnheringen auka opplaget med 35 frå første til andre halvår i 2019.
Redaktør i Kvinnheringen, Mona Grønningen, seier dette om den positive opplagsutviklinga:
– Vi jobbar heile tida hardt for å laga eit viktig og godt produkt for lesarane og annonsørane våre. Vi set pris på kvar einaste ein av dei, og derfor er det veldig kjekt å sjå at opplagstalet held seg stabilt og at vi til og med har ein liten auke! Det gir motivasjon. Vi gler oss samtidig over at kollegaene i nabo-avisene våre òg har auke.
Avis | Netto totalt andre halvår 2019 | Netto totalt første halvår 2019 | Endring |
Kvinnheringen | 4404 | 4369 | 35 |
Grenda | 2246 | 2187 | 59 |
Sunnhordland | 6467 | 6379 | 88 |
Hardanger Folkeblad | 5159 | 5008 | 151 |
Bømlo-Nytt | 3555 | 3453 | 102 |
Grannar | 3507 | 3420 | 87 |
Hordaland Folkeblad | 4924 | 5009 | -85 |
Os og Fusaposten | 5022 | 4837 | 185 |