Avlyser Folgefonna Opp på grunn av korona

Det blir ikkje noko av motbakkeløpet Folgefonna Opp i år. Her frå starten i konkurranseklassen i 2018. (Foto: Signe Bondhus Jensen).

Det blir ikkje noko av motbakkeløpet Folgefonna Opp i år. Her frå starten i konkurranseklassen i 2018. (Foto: Signe Bondhus Jensen).

DEL

Koronaepidemien får konsekvensar også for Folgefonna Opp 2020. Komiteen har drøfta den uvissse situasjonen og funne at det blir rettast å avlysa arrangementet i år, skriv løpsleiar Ottar Eide på vegner av arrangørane, Ænes og Mauranger Bygdalag/Uskedalen IL.

Folgefonna Opp skulle gått av stabelen 8. august.

– Me lovar å koma sterkt tilbake i 2021, når Norge er friskmeldt og det er lov å sveitta, hosta og harka side om side att frå Fjord til Fonn. Me får også god tid til å tenka ut fleire spenstige aktivitetar til familiedagen på kaien, skriv Eide i pressemeldinga.

Artikkeltags