Gå til sidens hovedinnhold

Avlyser gudstenester i morgon, søndag

Gudstenestene i Kvinnherad kyrkje og Varaldsøy kyrkje søndag 21. mars er avlyst.

– Grunna den usikre smittesituasjonen og dei nye koronarestriksjonane i Kvinnherad kommune er det vanskeleg å gjennomføra opne gudstenester. Kyrkja vil oppmoda alle til å ta vare på kvarandre, og halda seg heime, skriv sokneprest Kjersti Brakestad Boge i ei pressemelding.

Ho legg til at det finst mange gode gudstenester å følgja på nett.

– Mellom anna skal Reidar Ådnanes ha gudsteneste i Sveio, på Facebook. Søk etter Sveiokyrkja. Elles kan ein sjå Ord for helga på www.kvinnherad.kyrkja.no, opplyser Boge.

Les også

Tre nye smittetilfelle i dag, fredag – treningssenter, symjehallar og dei fleste kultur- og fritidstilbod må stengja

Kommentarer til denne saken