Gå til sidens hovedinnhold

Avlyser langfredagssamlinga på Kjeldestøl i år også

For andre året på rad tek koronaen knekken på den store langfredagssamlinga på Kjeldestøl.

Det melder Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

– 2017 var det første året det vart arrangert open støl på langfredag. I det praktfulle påskevêret var det enormt med folk som tok turen, truleg godt over 300. Det vart såleis ein dag for minnebøkene. Suksessen vart gjenteken dei to neste åra, med ny rekordnotering i 2019. Då reknar ein med det var kring 450 som tok turen til støls, skriv venelaget.

I mars i fjor kom som kjent koronaen, og det vart naudsynt å avlysa langfredagsarrangementet på Kjeldestøl. Det same blir utfallet i år.

– Då vi avlyste i fjor, var det ein svært framand tanke at vi måtte avlysa også i 2021. Men pandemien er diverre høgst reell framleis, og det er såleis ikkje fornuftig eller mogleg å invitera til noko samling i år heller. Men viss ting roar seg, kan det vera at vi lagar til ei erstatning for langfredag i løpet av mai månad, står det i pressemeldinga.

I 2020 greidde venelaget å gjennomføra det tradisjonelle sommarprogrammet med opne stølar kvar onsdag frå slutten av juni til byrjinga av august. At mange ferierte i Norge merkast også på Kjeldestøl, for det vart sett nye besøksrekordar fleire av dagane.

– No satsar vi på at årets sommar kan gå som normalt. Budeiene er i alle fall svært klare for å ta i mot alle gjester og by på dei vidgjetne mjelkekakene sine, helsar Kjeldestøl venelag.

Les også

No er det klart når pengane til Fjelberg Kraftlag-aksjonærane blir utbetalt

Kommentarer til denne saken