Baby Heartless til Snikkeriet

Laurdag kveld spelar bergensbandet Baby Heartless på Snikkeriet (Pressefoto).
Laurdag vert det truleg god stemning på Snikkeriet i Rosendal når Baby Heartless held konsert.
Baby Heartless er eit bergensband som har halde på sidan 2012. Dei opererer i rockesjangeren, men har også innslag av andre sjangrar som blues, pop, metal og country. Denne månaden slapp dei ein ny singel; «Shake the feeling», som har blitt A-lista på radiokanalar i Noreg og spela på utanlandske radiokanalar.
Godt liveband
Baby Heartless er omtalt som eit bra live-band som lagar god stemning når dei entrar scena. Dei spelar for det meste eigne songar, men plar å slenga på ein del kjende cover-låtar frå dei siste tretti-førti åra på konsertane sine, så alt er lagt til rette for ei fin musikkoppleving på Snikkeriet laurdag kveld.
Kommentarer til denne saken