For 22 år sidan var Britt Elin Haga den einaste ammehjelparen i kommunen som var knytt til den nasjonale organisasjonen Ammehjelpen. Fordi ho var åleine, og fordi alt måtte gjerast på dugnad, fortalte ho at tilbodet var avgrensa til å gi svar per telefon.

Etter litt hjelp til å friska på minnet, hugsar ho både oppslaget og engasjementet sitt. Særleg det siste, for ho driv nemleg på med akkurat det same den dag i dag.

– Er mødrer blitt meir bevisste på amming med tida?

– Ja, det vil eg seia. Men det vil alltid vera nokon som slit med amming, og desse kan framleis frå støtte og hjelp til å få det til, seier ammehjelparen.

– Kva ser du på som det mest sentrale når du gir råd?

– Det er å gi støtte og å overbevisa mora om at ho ikkje gjer feil. Jobben min går sjølvsagt ut på å oppmoda mødrer med ammeproblem til å gjera nye forsøk, men mykje spelar inn, og nokre gonger kan det vera rett å gi opp amminga. Det må ikkje gå ut over sjølvbildet, og heller ikkje føra til at ein «går i kjellaren». Mødrer som ikkje ammar er like gode mødrer for det, slår Haga fast.

Ho har også ein peikefinger til omgivnadene:

– De som sit rundt må passa på å ikkje høgna stressnivået med å stilla forventningar. Slikt kan bera gale i veg.

Frå avisoppslaget i 95 til i dag er det noko som har endra seg. Haga har sett seg inn i brystreduksjonar og kva for konsekvensar ein slik operasjon kan ha for amminga.

– Den gammeldagse operasjonsmetoden medførte at mjølkegongane vart kutta. No skjer ikkje det lenger, så brystopererte kan framleis amma. Litt problem kan det by på, men det kan godt vera at dei same problema ville ha dukka opp utan operasjon. Akkurat det er det viktig at mor har i mente, seier ho.

Elles er oppmodinga den same som sist: Har du problem, så be om hjelp!