Det har regna og regna og regna i vekesvis, men no kan det sjå ut som om vêret har snudd – i alle fall i nokre dagar. Tysdag var i alle fall strålande, og dagen i dag ser også ut som den kan bli riktig så varm og fin. Då er det berre éin ting å gjera, nemleg å komma seg ut i sola og nyta litt sommar!
Då Kvinnheringen var på patrulje tysdag kveld, trefte vi på ein kameratgjeng i Herøysundet som bada ved kaien i båthamna og i stranda: Ole Christian (14) og Martin Fjellstad Smith (11), Michael Løland (11), Jonas Hjelmeland Naterstad (11) og Storm N. Uppheim (13). Det var så idyllisk at vi spurde om vi kunne få ein prat og bilde av nokre hopp i sjøen.
– Dette er favoritt-badeplassen, utanom Herøya, då, meinte eldstemann Ole Christian Fjellstad (14).
Alle dei fem gutane hadde faktisk bada fleire gonger i år.
– Det er ikkje så kaldt som det ser ut! sa Storm N. Uppheim og syntest ikkje det var folk kaldt i sjøen.
Har du sommarbilde? Då kan du lasta dei opp i bildekarusellen vår her på sida, eller bruka emneknaggen #kvinnheringensommar på Instagram.