Den nye badeflåten er kjøpt inn og ligg klar i Borvika, men noko arbeid gjenstår før den offisielle opninga. Husnes Vekst vil rydda stranda og jamna ut med mold.

– Så snart vi får ein ledig container frå kommunen, skal vi byrja opprydding i stranda, seier leiar av Husnes vekst, Åsfrid Barstad.

Sjølv om finvêret lét venta på seg, arbeider dei for fullt så stranda skal vera klar til sommaren og badesesongen. Den nye badeflåten har stige i eine enden og stupebrett i den andre.