Ivar Gundersen frå Uskedalen blir ny banksjef på Husnes

I ei pressemelding frå SpareBank 1 SR-Bank heiter det at Gundersen kjem frå stilling i Kværner, Stord – Head of Construction Logistics

Han er utdanna økonom frå BI med tilleggsutdanning frå UiS og NHH

Han har brei yrkeserfaring frå fleire bransjar og lang leiarerfaring. Blant anna frå O&G (Kværner, Statoil, Hydro), Entreprenør (Daglig Leder i Odda) og bank.

– Ivar er ein stor lokal entusiast for alt som skjer i Kvinnherad og har stor interesse i fotballmiljøet. Han er og glad i å nytta den frodige naturen i kommunen saman med familien, heiter det i pressemeldinga.

Gundersen tiltrer stillinga etter sommaren.