Som Kvinnheringen tidlegare har skrive, opnar Tysnes sparebank avdelingskontor i Panorama senter i april. Men banken er allereie tilgjengeleg for noverande og komande kundar i eit midlertidig kontor hos Kvinnherad næringsservice. I dag får kontorleiar Siren Simonnes følgje på kontoret av Daniel Haugland (28) frå Sandvoll. Dei siste åtte åra har Haugland budd i Bergen, kor han har teke ei siviløkonomutdanning ved NHH, og seinare jobba for Tryg, samt Handelsbanken og for Sparebank1 som autorisert finansiell rådgjevar. No er han glad for å vera heime i Kvinnherad att.

– Etter åtte år i byen var vi klare for å koma heim. Vi har to små, og nytta oss lite av det byen hadde å tilby. Vi ville i staden at ungane skulle få voksa opp i dei trygge omgivnadane i Kvinnherad. I tillegg spelte vel kanskje nærleiken til barna sine besteforeldre litt inn, som er flinke til å stilla opp som barnevakt. Då eg las at Tysnes sparebank skulle opna kontor i Kvinnherad, tok eg kontakt med banksjef Dag Sandstå for å presentera meg, fortel Haugland.

 Sandstå er glad for å ha fått på plass to lokale medarbeidarar i det han skildrar som dei einaste frittståande lokale banken.

– Vi tar alle slutningar sjølv, og det er kort veg frå medarbeidarar til leiinga. Målet vårt er å vera nærme og tilgjengelege for kundane, og yta god og personleg service, forklarer han.

Interessa for nyetableringa har heller ikkje latt venta på seg.

– Pågangen er allereie svært stor, og vi har hektiske dagar for å ta unna alle førespurnadar. Sånt kan vi lika, legg sjefen for den 152 år gamle banken til.

I morgon tysdag blir det eit informasjonsmøte om Tysnes sparebank på Husnes, og onsdag 11. mars i Rosendal, der Kvinnheringane vil bli inviterte til å bli eigarar i banken.

– Folk kan kjøpa eigenkapitalbevis, eit verdipapir som er tryggare enn ein aksje og som gir god avkasting. Vi ønskjer oss mange små eigarar, det er det beste, reklamerer banksjefen.