Banken-galleriet i Ølve opnar dørene

Airin Zimmer framfor den nymalte gamlebanken i Ølve.

Airin Zimmer framfor den nymalte gamlebanken i Ølve. Foto:

Laurdag 27. juni opnar Banken i Ølve opp med salsutstilling av handarbeid, bøker og bilde av tre ulike kvinner.

DEL

Bankgallerist Airin Zimmer opplyser at Solveig Haktorson vil vera representert med vakre og nyttige ting, mest strikka produkt.

Vidare vil Inga Hauge stilla med smått og stort innan saum. Ho vil òg stilla ut noko frå bunadsproduksjonen sin – mange kjenner arbeida hennar frå boka «Kvinnheradsbunaden – Ei kulturhistorisk reise».

– «Inga i Hamnen» er kjend for bunadssying i årevis, og vil truleg vera til stades i galleriet innimellom. Mange konfirmantar har fått sydd heile eller delar av bunaden sin hos Inga. I denne utstillinga vil Inga også presentera mykje anna av det ho har laga opp gjennom åra, lokkar Zimmer.

Lubber laga av Solveig Haktorson. (Privat foto).

Lubber laga av Solveig Haktorson. (Privat foto).

Forfattar og fotograf Vera Gjersøe, opphavleg frå Oslo, har bakgrunn som småbrukar på Voss der ho òg har galleri. Gjersøe kjem med eigne bøker og bilde, blant anna vakre foto av store og små husdyr du også kan sjå på husdyrfoto.no Gjersøe vil elles vera til stades under utstillingsopninga.

Elles vil Banken også fungera som ein mini turistinformasjon i sommar, lovar Zimmer.

Galleriet vil vera ope til i midten av august.

Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags