Valen skule har 40 elevar i kulturskulen. Desse heldt konsert for medelevane tysdag føremiddag

Alle desse elevane ved Valen skule er òg elevar i kulturskulen, og tysdag heldt dei ein flott konsert for medelevane sine.

Alle desse elevane ved Valen skule er òg elevar i kulturskulen, og tysdag heldt dei ein flott konsert for medelevane sine.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Gymsalen blei gjort om til ein konsertsal tidleg tysdag føremiddag, for då var det klart for ein aldri så liten kulturskulekonsert i Valen skule.

Skulen har nemleg heile 40 elevar som går i Kvinnherad kulturskule på fritida, og desse hadde lyst til å visa fram for medelevane sine kva dei har lært der. Med for å leia dei var kulturskulelærarane deira. Lærar Hanna Haugan Solheim og 3. klassing Emil Totland, som er teaterelev i kulturskulen, hadde jobben som konferansierar. Dei introduserte alle som skulle på scena, og her fekk ein sjå mykje flott.

Først åtte elevar frå 1. klasse, som går på musikkleik i kulturskulen. Dei song Blåe Svale. Sidan fekk vi høyra Juni Berge på messingblåsar, Ingeborg K. Ersland, Thomas Prestnes og Emilie Bjørsvik kvar sin tur på piano, og så Heida Sigthorsdottir, Mina Vetrhus og Theodor Barbu kvar sin tur på fiolin.

Saka held fram under bildet.

Koret Nattergalen underheldt med flotte songar og eigenkomponert dans.

Koret Nattergalen underheldt med flotte songar og eigenkomponert dans.

Etter det underheldt koret Nattergalen med fire songar og eigenkomponert dans, før fire dansegrupper viste fram sine dansekunstar. Dette var gruppene gutedans 1 og 2, og jazz/moderne dans 1 og jazz/moderne dans 2, 3 og 4. Avsluttingsvis fekk vi høyra dei glade rytmane til marimbaelevane ved Valen skule, og då var publikum heilt i fyr og flamme. – Opp og dans, alle som vil, oppmoda marimbalærar Mauricio Weimar, og elevane var ikkje vanskelege å be.

Medan dei afrikanske tonane runda av konserten, dansa alle elevane og lærarane med, og gav ein god applaus til dei mange flinke som hadde opptredd denne skuletimen.

Artikkeltags