Nicolas (8) sin teikning pryda framsida av Kvinnheringen si juleavis

Nicolas Hisdal Kjerstad (8) si flotte juleteikning hamna på framsida av Kvinnheringen si juleavis, noko ungguten vart premiert med eit gåvekort for.

Nicolas Hisdal Kjerstad (8) si flotte juleteikning hamna på framsida av Kvinnheringen si juleavis, noko ungguten vart premiert med eit gåvekort for.

Artikkelen er over 1 år gammel

Nicolas Hisdal Kjerstad (8) frå Rosendal er både glad i, og flink til, å teikna. Det var bidraget hans som pryda framsida av Kvinnheringen si juleavis.

DEL

Nicolas Hisdal Kjerstad (8) frå Rosendal er elev i 3. klasse ved Malmanger skule. Då Kvinnheringen oppmoda ungar til å senda inn teikning til juleavisa, kasta han seg rundt.

– Eg brukte tre ettermiddagar på teikninga, og sat og teikna heilt til eg skulle leggja meg. Eg likar veldig godt å teikna, og gjer det ganske ofte, fortel Nicolas.

Og innsatsen kasta av seg. Av dei rundt 300 flotte og forseggjorte teikningane som kom inn, var det Nicolas si som kom på framsida. For det vart han premiert med eit gåvekort på 500 kroner på Kvinnherad Libris.

– Er det sant? Oj! Dette var gøy, smilte han overraska og stolt då Kvinnheringen kom innom han på SFO med premien.

– Kva skal du handla deg? undra ein av dei SFO-tilsette.

– Eg må tenkja litt på det. Det er ein del forskjellig eg har lyst på, forklarte han.

– Kva er det med teikning du likar så godt? undrar vi.

– Eg likar å jobba med hendene, og eg likar å teikna fritt. Eg kjem nok til å teikna til julekonkurransen neste år òg, slo den fornøgde unge teiknaren fast, og la til at han har likt å teikna sidan han var fem år.

I tillegg trekte vi ut to heldige vinnarar til, som får kvar sitt gåvekort på 300 kroner. Det er Asle Haukenes (8) frå Varaldsøy og Eileen Borgen (11) frå Valen.

Samtidig nyttar vi høvet til å takka for alle teikningane som vart sendt inn.

Artikkeltags