Populær barneklubb i Mauranger

Heile 18 barn var samla til Ænes sokneråd sin barneklubb i Mauranger tysdag kveld. Klubben er blitt eit populært tilbod i bygdene.

Heile 18 barn var samla til Ænes sokneråd sin barneklubb i Mauranger tysdag kveld. Klubben er blitt eit populært tilbod i bygdene.

Artikkelen er over 1 år gammel

Prat, song og hobbyverkstad står på programmet når Ænes sokneråd skipar til barneklubb i Mauranger.

DEL

Annankvar tysdag kveld, frå januar og fram til påske, samlast barn og somme vaksne i eit klasserom i Mauranger skule. Første klubbtreffet i februar hadde heile 18 barn tatt turen. Klubben vert arrangert av Ænes sokneråd ved Aud Irene Flatebø og Gunnhild Enes, og dei har fått kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark med som leiar. Oddbjørn Enes Aasen er med og akkompagnerer på gitar.

– Klubben er ein del av trusopplæringa til kyrkja, så vi har ein del song, lesing og samtalar under klubben. Vi har òg litt enkel servering, og så får ungane driva med hobbyaktivitetar, fortel Flatebø.

Klubben var tidlegare på Ænes, men arrangørane fekk spørsmål om dei kunne flytta den til Mauranger sidan det er fleire yngre barn der no. Då Kvinnheringen var innom innleia dei klubben med kristne barnesongar, før Heimark las ei historie om ein gut som ikkje ville hjelpa mor si, og som sidan fekk dårleg samvit. Ho samtala då med ungane om korleis ein kan hjelpa til heime.

– Kanskje vi kan seia at det er den som går først frå bordet som har ansvaret for å rydda vekk? var det ein som føreslo, til latter og protestar frå dei andre ungane.

– Då blir det meg kvar gong, då, kommenterte kameraten.

Etter fellesinnleiinga åt ungane oppskoren frukt, og så var det klart for måling og snikring. Ungane bygde alt frå dokkesenger til små bilar, og var langt frå klare til å avslutta den kjekke kvelden då klokka sakte, men sikkert gjekk mot klubbslutt.

– De får halda fram neste gong, veit de, helste Flatebø.

Artikkeltags