Gå til sidens hovedinnhold

Barnehage-avdeling stengd: Barn nærkontakt av smitta person

Kommuneoverlegen varslar pressekonferanse om lokal forskrift.

Fredag føremiddag skriv Kvinnherad kommune på nettsida si at Myrane barnehage på Husnes i morgontimane har fått melding om at eit barn er nærkontakt til ein koronasmitta person busett i Kvinnherad. Vedkomande har ikkje vore på reis, og smittevegen er ukjent, opplyser kommuneoverlege Glenn A. Opland, til Kvinnheringen ved lunsjtider.

Det er 12 barn på avdelinga, skriv kommunen. Barna på avdelinga skal ikkje ha vore i kontakt med barn på andre avdelingar, ifølge kommunen si melding.

Føresette blir kontakta om at dei må henta barna sine. Tilsette og barn ved avdelinga blir testa i dag (fredag) og går i ventekarantene til dei får svar på hurtigtestane.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland fortel til Kvinnheringen at kommunen no kjem til å innføra ei lokal forskrift. Beredskapsgruppa skal ha møte klokka 15, og etter det blir det innkalla til pressekonferanse.

Saka held fram under.

Opland ønsker ikkje å seia meir om kva den lokale forskrifta kjem til å innehalda før presseseansen i ettermiddag. Forskrifta blir truleg gjeldande frå midnatt.

Kommuneoverlegen har brukt fredagen så langt på smittesporing:

– Vi har nokolunde kontroll på nærkontaktar og nærkontaktar av nærkontaktane, seier han.

Rundt ni personar er sett i karantene. I tillegg til barnehagebarna.

– Vurderer de å stenga heile barnehagen?

– Per no, nei. Vi må sjå an prøvesvara.

– Korleis er samarbeidet med barnehagen?

– Inntrykket mitt er at dei har handtert det fint. Samarbeidet vårt er bra, avsluttar Opland.

Les også

Hydro-sjefen strålande fornøgd med utdanningsnyheit: – Passar veldig godt med strategien vår

Kommentarer til denne saken