Kulturskuleelevar held konsert for 100 barnehagebarn

Her frå den kjekke konserten i fjor, då kulturskuleelevane underheldt barnehagebarn. (Arkivfoto).

Her frå den kjekke konserten i fjor, då kulturskuleelevane underheldt barnehagebarn. (Arkivfoto).

Tysdag skal rundt 30 flinke elevar i kulturskulen underhalda barnehagebarn i alderen 3 til 5 år.

DEL

Kulturskuleelevane går på skulane Undarheim, Valen, Sunde, Halsnøy, Uskedalen, Bringedalsbygda, Malmanger skule og Husnes ungdomsskule. Tysdag inviterer der barnehagebarn til konsert der dei små får sjå eit variert program med musikk og dans, står det å lesa i ei pressemelding frå kulturskulen.

På programmet står mellom anna «Historien om de tre små fisk», «Karius og Baktus», «Popcorn» og «Bye Bye Blues». Instrument ein vil få høyra er fiolin og cello, gitar og piano, trombone, marimba og trommer. Kanskje barnehagebarna til og med får høyra nokon storesøsken eller vener på scena? I tillegg vert det også danse-workshop i dansesalen med mellom anna «Old MacDonald», «Jump» og «Bli med»-dansen.

Artikkeltags