«Kvalitet er viktigast»

Av
DEL

MEININGAREg registrerer at det oppstod ein liten debatt om Espira under kommunestyremøtet på torsdag 21. juni, då saka om nedlegging av Hauge barnehage skulle opp. Det kom fram at Arbeidarpartiet vil vite meir om arbeidsvilkåra i Espira Halsnøy Kloster barnehage. Eg kan roa dei som måtte vera bekymra: Me følgjer sjølvsagt tariff, og har fokus på personleg utvikling og tillit til at våre tilsette saman får byggja ein barnehage med høg kvalitet. Dette meiner me er til det beste for barna våre – og høg kvalitet må alltid vera ein barnehage sitt viktigaste mål.


Misforståing om retningslinjer

Utgangspunktet for debatten er basert på ei misforståing om dei nye retningslinene for tilsetjing som er sendt ut av Espira nasjonalt. Eg vil understreka ordet «retningsliner» i denne samanhengen, det er altså ikkje reglar det er snakk om. Desse retningslinene seier blant anna at det ikkje er høve til å tilsetje fleire fagarbeidarar nett no, og at det ved tilsetjing av folk med høg ansiennitet krevst godkjenning frå regionsjefen. Bakgrunnen for retningslinene er den nasjonale bemanningsnorma som skal gjelda for alle barnehagar frå hausten av. For mange barnehagar inneber det at ein må tilsetja fleire, og då spesifikt fleire pedagogar. Finansieringssystemet for barnehagar er bygd opp slik at private barnehagar får same tilskot som dei kommunale barnehagane fekk to år tidlegare. Det betyr at private barnehagar alltid får mindre å rutta med enn kommunale, og at det vil ta to år før dei private barnehagane får ekstra tilskot for å ha like mange tilsette som bemanningsnorma krev. Det er grunnen til at private barnehagar over heile landet no slit med å få endane til å møtast, og at nokre til og med vurderer nedlegging. Retningslinene som det blir vist til er Espira sitt svar på korleis ein skal møta denne økonomiske utfordringa, og skal slik berre gjelda i ei særs avgrensa periode.

Når det er sagt, så gjeld ikkje desse retningslinene for Espira Halsnøy Kloster i det heile. Det er rett og slett fordi me har følgt bemanningsnorma i fleire år allereie. Me har òg brei samansetnad av bakgrunn blant dei tilsette, noko me meiner er viktig for å oppnå god kvalitet. Det betyr blant anna at me har seks fagarbeidarar, og 58 % barnehagelærarar. Snittet nasjonalt er altså 40 %, ifølgje Barnehagefakta.no. Dette får me til trass lågare tilskot enn det kommunale barnehagar får. Barnehagen er veldriven og populær, og vårt hovudfokus er å driva ein barnehage av høg kvalitet med barnet sitt beste i fokus. Me legg stor vekt på god kompetanse og fagleg utvikling hos personalet.


Løysingar og fokus

Me er svært stolte av barnehagen vår og legg mykje engasjement og kjærleik i jobben vår. Barnehagen har eit stort uteområde med nærleik til skog, strender og turområde. Me grensar til Halsnøy skule som gjer at me har eit godt samarbeid og ein god overgang til skulestart. Me er ein fullkost-barnehage med fokus på sunn og variert mat osv. Me er stolte av å vera ein del av Espira som har fokus på kvalitet og fagleg utvikling. Som kunnskapsbarnehage baserer me løysingar på forsking om kva ein god barnehage er, og me søkjer heile tida måtar me kan verta enda betre.

Eg vil gjerne invitera politikarane våre til å besøka barnehagen slik at dei kan få sjå og høyra meir om oss og løysingane våre, og ikkje minst få svar på stort og smått dei måtte lura på om korleis me driv barnehagen vår. Døra vår er alltid open.

Mona Herskedal Fjelland

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags