Inspirerte av gratisprinsippet i den offentlege skulen, og av fattigdomsprosjektet som Kvinnherad kommune er ein del av, tok dei sju damene i FAU ved Sunde barnehage nyleg initiativet til å samla inn pengar for å laga til inkluderande gratisarrangement for barnehagebarna.

– Vi tenkte at vi ville samla inn litt pengar for å laga til eit arrangement for foreldre og barn, så då hadde vi loddsal tidlegare i år, og fekk inn ein god sum pengar. Det første arrangementet var ein grilltur til Trollskogen no på onsdag som var, fortel Hanne Dale i FAU Sunde barnehage.

Dei hengte opp lappar rundt på avdelingane der dei bad om påmeldingar, og hadde ikkje så store forhåpningar sidan turen skulle vera ein travel onsdag ettermiddag.

– Men vi fekk faktisk heile 100 påmeldte, så vi var heilt overvelda. Ungane kom i lag med foreldre og søsken, nokon hadde til og med besteforeldre med, seier Dale.

I Trollskogen fyrte dei opp bålpanna, og grilla pølser til alle som ville ha. Ungane leikte, og dei vaksne snakka saman. FAU-damene fekk mange kjekke tilbakemeldingar på arrangementet.

– Vi har planlagd fleire tiltak framover, det neste på lista er ein sommarfest i barnehagen på ettermiddagstid i juni.

– Kvifor ønskjer de å gjera dette?

– Det at arrangementa er gratis, gjer at ein kan inkludera alle, uavhengig av økonomi. Dette var òg eit fint høve til å få med seg ut dei som ikkje er så mykje ute på tur til vanleg, og fleire fekk oppleva Trollskogen for første gongen. Og ikkje minst er dette kjekke høve til å styrka den sosiale biten oss foreldre imellom. Det er mange av oss som ikkje kjennar kvarandre frå før, så det ønskjer vi å gjera noko med, sluttar Dale.