Hauge barnehage får leva

Kommunestyret vedtok torsdag å vidareføra drifta av Hauge barnehage i Høylandsbygd.

DEL

Mot Kommunedirektøren si innstilling, vedtok kommunestyret torsdag at Hauge barnehage skal drivast vidare, men med ny vurdering tidleg vår 2020. Dette er i tråd med innstillinga frå formannskapet. Bakgrunnen for at Kommunedirektøren hadde innstilt på nedlegging frå hausten 2019, er at det då berre er sju born i barnehagen – og til neste år berre fire, om prognosane slår til.

Arne Bjørnevik (H) held fram at Hauge er den einaste kommunale barnehagen på Halsnøy, og at den private Espira Halsnøy Kloster barnehage er full.

– Tunnelen blir snart gratis og talet på barn kan auka. Derfor må den få ein ny sjanse, så tar vi heller ny vurdering neste vår, sa han.

Politikarane var rørande einige i saka. Hilde Enstad (Ap) påpeika endåtil kor kjekt det var å høyra at høgrepolitikar Bjørnevik støtta kommunale barnehagar.

Vil sjå kontrakten

Vibeke Fredheim (Ap) ville gjerne sjå kontrakten mellom kommunen og Espira Halsnøy Kloster barnehage.

– Når den dagen kjem at vi må visa borna i Høylandsbygd til Espira, er det viktig for oss å vita korleis til dømes løns- og arbeidstilhøva er der, kva kommunen betalar og kva påverknad kommunen eventuelt har, sa ho.

Forslaget vart vedtatt som eit oversendingsforslag til administrasjonen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags