Inviterer dei minste til kulturskulekonsert

I FJOR: Barnehageborna likar godt å bli underhaldne av elevar frå kulturskulen. Her frå kulturskule-framsyninga for barnehagebarna på Husnes, Sunde og Valen i fjor, der dei blant anna fekk vera med og dansa. (Arkivfoto).

I FJOR: Barnehageborna likar godt å bli underhaldne av elevar frå kulturskulen. Her frå kulturskule-framsyninga for barnehagebarna på Husnes, Sunde og Valen i fjor, der dei blant anna fekk vera med og dansa. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvinnherad kulturskule har igjen gleda av å invitera til barnehagekonsert for born i alderen 3–5 år tysdag den 30. oktober.

DEL

– I år ventar me flott besøk av nærare 140 barn frå barnehagar i distriktet, som kjem til konsert og dansefremsyning på kulturskulesenteret på Husnes, skriv kulturskule-inspektør Kristine Maria Jacobsen Lund i ei pressemelding.

Nærare 40 elevar skal i aksjon på scena denne dagen, og dei går til vanleg på skulane Undarheim, Valen, Sunde, Uskedalen, Omvikdalen, Malmanger, Bringedalsbygda, Halsnøy skule og Husnes ungdomsskule.

Dyktige kulturskuleelevar og lærarar skal visa fram kva dei har jobba med i haust, og dei speler både gitar, trombone, piano, fiolin, cello, trommer og marimba. Det vil bli konsert med både solistar, små ensemble og orkester, og borna skal også få delta på workshop i dans med danseelevane. Publikum kan gle seg til å få høyra mellom anna Flåklypa, Tåkedans, Secret Garden, Ane Madam og Rocky Mountains denne dagen.Det vil også bli allsong med kjente og kjære barnesongar. Kanskje vil borna til og med få møte ei prinsesse, står det vidare i pressemeldinga.


Artikkeltags