Slik markerte Undarheim barnehage årets barnehagedag

Barna i Undarheim barnehage syntest det var utruleg spennande å finna ei daud mus!

Barna i Undarheim barnehage syntest det var utruleg spennande å finna ei daud mus!

Av

Tysdag blei barnehagedagen markert rundt om kring i landet, med temaet «Eg lurer på». Her kjem ei helsing frå Undarheim barnehage med kva dei nytta dagen til.

DEL

Eg lurer på om du vil vera med inn porten i barnehagen min? Kjem du køyrande til Husnes ligg den der, raud og fin. Malingsslitt viss du ser litt ekstra etter, men her er det rom for leik og undring kvar einaste dag. Uteområdet viser at her har barn leika og undra seg i generasjonar. Her har du uteområde med både skog og eit heilt eige fjell. Dammar til å hoppa i og jord til å leita etter makkar og andre små kryp.

Blir du med innanfor ein tur? For denne dagen er det mykje spennande som skjer. Ein gjeng undrar seg over kor lenge ein edderkopp lever? Kan den grava i jorda? Kvifor kjem det ingen superheltar på besøk i barnehagen? Kor stor er ein dinosaur i forhold til meg? Kva er universet, og kor mange planetar er det? Korleis blir skulevegen min? Barna stiller spørsmåla og kjem fram til svara i lag. Dei vaksne undrar seg saman med barna utan å gi dei alle svara.

Ein gjeng med 1-åringar har benka seg rundt bordet og ser på ekte magi, Skittels-drops og varmt vatn gir fargemagi. Rosiner i vatn blir kjempestore og krepp-papiret gir fin farge til vatnet i glasa. Små og store som undrar seg saman.

Ein gjeng med 2-3-åringar er klare for langtur i vind og ruskevær. Ei hand å halda i, så legg dei i veg. Bortover vegen, over grusbana og heilt opp i skogen. Opp den bratte bakken og vidare opp til Svehaugen. Her bles det godt i dei store trea. Vinden svingar på tretoppane, spennande å sjå på. Kor kjem vinden frå? Nokre barn finn ein mosegrodd haug, trur du makkane bur her? Grava med handa og sjå, det er noko rart under mosen, det er ikkje mold eller stein, det er ein gamal trestubbe. Dette var rart og må undersøkast meir. Tida går fort når ein leikar ute i skogen, det er tid for nistemat. Skiva i matboksen smakar ekstra godt i dag. Sitja i skogen saman med gode vener og eta i lag. Gode minner å ta med seg heim i sekken. På trøtte bein labbar vi heim att. Det blir ekstra godt med ein kvil i dag.

Ute på leikeplassen har ein gjeng oppdaga noko spennande. Det ligg ei lita daud mus der! Kva har skjedd? Kvifor har musa så skarpe tenner? Vi lurer på og undrar oss saman, både barn og vaksne.

Barnehagedagen 2019 hadde «Eg lurer på…» som tema, og kva passer vel ikkje betre enn det? Å undra seg, stilla nokon spørsmål og finna svara i lag. Dette er det vi ynskjer at barnehagekvardagen skal vera, ikkje berre denne eine dagen, men kvar dag. Skapa litt magi, la barna visa vegen og saman finna svara. «Saman i leik og undring» er visjonen vår. Det er her vi vil vera i Undarheim barnehage.

Tekst/foto: Olaug S. Fagerheim, pedagogisk leiar på avdelinga Tusenfryd

Artikkeltags