– Mamma og pappa skal få maleriet

Anna Hermann-Fossli har fått besøk av pappa Christoffer Fossli, og då må Anna sitt van Gogh-inspirerte bilde (like til høgre for Anna) visast fram.

Anna Hermann-Fossli har fått besøk av pappa Christoffer Fossli, og då må Anna sitt van Gogh-inspirerte bilde (like til høgre for Anna) visast fram. Foto:

Tysdag inviterte Uskedalen barnehage til fin-fin kunstutstilling med mykje attåt.

DEL

Kunstutstillinga var laga til i samband med den landsomfattande barnehagedagen, og barnehageungane sine næraste var inviterte til å sjå noko av det som har blitt jobba med i barnehagen i det siste. Etter høgtideleg snorklipping, musikk, song og artig filmpremiere, var det tid for Mozell, kanapear, kjeks og mingling. I fellesrommet der sjølve opninga fann stad, var det stilt ut mange bilde inspirert av den verdskjende bildekunstnaren Vincent van Gogh. Men det var også mykje anna å sjå i dei ulike barnehageavdelingane.

Temaet for årets barnehagedag var kunst, kultur og kreativitet under mottoet «la meg skapa». Og det hadde ungane i Uskedalen barnehage tydeleg gjort på mange vis, og ut frå mange inspirasjonskjelder og eigen fantasi.

Blant mange stolte ungar var Anna Hermann-Fossli. Ho hadde ikkje noko imot å visa det fine van Gogh-inspirerte maleriet sitt.

– Det blå er himmelen, og så har eg mala månen, stjerner og to lys i ein garasje, forklarte Anna.

– Kor skal du hengja opp bildet når du tar det med heim?

– På rommet til mamma og pappa, smilte Anna og sendte pappaen eit venleg blikk.

Artikkeltags