Ekstra mykje å lura på

EGGLØYSING: Det bakarste egget er i ferd med å bryta saman, og tidelar etter at dette bildet vart tatt er alle fire egga sunde. Femåringane (f.v.) Elias H. Teigen, William S. Mølster og Magnus V. Olsen følgjer godt med.

EGGLØYSING: Det bakarste egget er i ferd med å bryta saman, og tidelar etter at dette bildet vart tatt er alle fire egga sunde. Femåringane (f.v.) Elias H. Teigen, William S. Mølster og Magnus V. Olsen følgjer godt med. Foto:

Ungar er kjende for å lura på det meste. Tysdag gav den landsomfattande barnehagedagen ungane litt ekstra å tyggja på, også i Akasia Valen barnehage.

DEL

Kvinnheringen trakka rett inn i avdelinga Månetoppen. Der føregjekk det magiske ting nokon kvar kunne bli «månebedotten» av. For trur du ikkje at boblene i sprudlande mineralvatn tar tak i rosiner og løftar dei opp til overflata.

Tomas Olsen (3) ser fasinert ned i glaset. Kanskje tenkjer han at boblene løftar rosinene etter øyro. At det gjer vondt for rosinene. Kanskje tenkjer han heilt andre ting. Uansett spør han bladfyken kontant:

– Kva heiter du?

Tomas får svar, og me nyttar høvet til å spørja om han har sett dansande rosiner før. Ja, det har han no sett heime, så det så.

SPRUDLANDE: Tomas Olsen (3) synest det er fasinerande å sjå kolsyreboblene løfta rosinene til overflata.

SPRUDLANDE: Tomas Olsen (3) synest det er fasinerande å sjå kolsyreboblene løfta rosinene til overflata.

Men det skal bli meir moro. Uforklarleg moro. Oppi ei bakebolle har dei vaksne blanda maisennamjøl og vatn. Den tidlegare suppeliknande greia, er blitt knallhard. Men om ungane får ein klump av det harde, og legg det på voksduken, blir greiene brått flytande og glir ut i ein dam. Dette er det ingen som kan forklara, korkje dei vaksne eller dei små. Eit mirakel!

Mirakel eller ikkje, Isak Dahle Mehl (4) og Amalie R. Lundal (5) synest det er gøy når maisenna-miksen går frå knallhard til søle på få sekund.

UFORSTÅELEG: Isak Dahle Mehl (4) og Amalie R. Lundal (5) er lettare sjokkerte over kor utruleg merkeleg ein maisenna-deig kan oppføra seg.

UFORSTÅELEG: Isak Dahle Mehl (4) og Amalie R. Lundal (5) er lettare sjokkerte over kor utruleg merkeleg ein maisenna-deig kan oppføra seg.

Katapult

Kvinnheringen sin sjokkerte utsende blir geleida vidare til meir forståeleg moro i barnehagen sin gymsal. Der har ein gjeng laga små katapultar av ispinnar, plastikkskeier og strikk. Små stoffballar blir skotne opp i lufta.

I ein annan avdeling har ungar hatt bind for augo og leika ein variant av Kims leik der det handla om å smaka på ulike matvarer. Og i kjøkenavdelinga, føregår det eit ekstremt «eggskrement». Barnehagelærar Jennifer Helland har gått heilt over styr og lesser bøker og ein kasse oppå fire egg som er stilt på høgkant med mjølkekartong-korkar som kontaktpunkt mot overvekta og underlaget. Ungane ser forskrekka på det heile. Alle veit jo kor lite egg toler. Eller?

– Første gongen sette eg meg sjølv oppå bokhaugen før egga knuste, ler Helland.

22 bøker pluss Jennifer måtte altså til for å knusa fire egg. Kvinnheringen får med seg andre runde. Ein heil haug med bøker, samt ei øskje fullasta med blyantar, må til før Lille Trille og dei tre venene hans må gi tapt.

– Har de lært noko av eggskrementet? spør me ungane.

– At egg toler ganske mykje, smiler femåringane Elias H. Teigen , William S. Mølster og Magnus V. Olsen.

Før eggskrementet hadde trioen og eit knippe andre ungar laga vulkan med bakepulver og eddik som bensin på bålet. Og endå skjedde det meir som avisa ikkje fekk med seg. Barnehagedagen er heilt tydeleg eit kjekt høve for barnehagane til å setja søkjelys på eksperiment og sansar, undring og utforskartrong.





Artikkeltags