Gå til sidens hovedinnhold

Barnehagebarna inviterte på fiskemiddag

Artikkelen er over 2 år gammel

I barnehagen i Åkra markerte dei årets barnehagedag med temaet fisk og sjømat.

Dagen starta med ein tur til sjøen. I kuling og sluddbyger drog ungane på land ei dobbel torskeruse. Den første som hamna på land var ein liten rognkall. Det er den kulaste fisken, for den har sugekopp og kan hengjast fast på armen, på veggen, eller på berget under vatn, der den høyrer heime. To torskar, flyndrer og ein haug med mjuke og harde sjøstjerner hamna òg på land og vart nøye studert.

– Eg lurer på om både ho- og hanntorsken har skjegg?

– Eg lurer på korleis auga til flyndrene ser ut!

– Eg lurer på om me finn hjarta og tarmar på torsken.

– Eg lurer på korleis hjernen ser ut. Kan me sjå hovudskallen og skjelettet?

Dette var av spørsmåla som kom undervegs, og som passa godt til det overordna temaet for barnehagedagen: «Eg lurer på».

Torskane måtte bøta med livet, medan dei andre sjødyra fekk koma ut i sjøen att. Tilbake i barnehagen vart torskane fileterte. Hjernen og auge vart plukka ut og beina blei skilde frå. Alt blei nøye studert.

Frå Fiskesprell hadde barnehagen fått tusen kroner til å laga eit sunt måltid med fisk og sjømat denne dagen, så då inviterte dei like godt alle born, foreldre, søsken og tilsette til middag.

Det vart travle timar med matlaging. Skjering av fisk, koking av kraft, røring, kutting av grønsaker, og så vidare. Alle hjelpte til på sin måte.

Om lag 25 små og store kosa seg med knallgod fiskegrateng og fiskesuppe. Etterpå var det kaffi, kaker og gelé på ekte «Åkra-vis». Ungane syntest det var veldig stas å få gjester!

Tekst/foto: Gunnlaug Vågen Tjelmeland, styrar i Åkra barnehage

Kommentarer til denne saken