– Ønsket mitt er å klara å driva eit godt barnevern og vera ein god leiar og samarbeidspartnar. Målet er å forvalta barnevernslova på ein best mogleg måte, og gjera det eg kan for dei mest utsette i samfunnet vårt.

Det seier Randi Pedersen frå Husnes. Nyleg vart ho tildelt jobben som barnevernsleiar, etter å ha vore konstituert i stillinga sidan Lisbeth Teigen Røssland slutta før jul.

– Eg har i lengre tid vore motivert for å leia barnevernet i Kvinnherad, fortel Pedersen, som har ein lang og brei ballast frå barnevernsarbeid.

Den utdanna førskulelæraren med vidareutdanning i familieterapi begynte som oppdragstakar for barnevernet allereie i 1995, då som vekselvis støttekontakt, besøksheim, fosterheim og tilsynsførar. I 2003 vart ho fast tilsett som tiltakskonsulent i barnevernet.

– Eg har hatt svangerskapspermisjonar, ein periode i Bufetat og to år som rådgjevar i PPT, men i 2013 kom eg attende til barnevernet som saksbehandlar. Eg var i undersøkingsteamet, og her har eg vore sidan, sjølv etter at eg vart nestleiar i barnevernet, forklarer Pedersen.

Vil gjera ein forskjell

Allereie som femåring leikte ho og nabojenta at dei dreiv eit adopsjonsbyrå, og Pedersen fortel at ho allereie då bestemte seg for at ho skulle jobba for å ta vare på utsette barn då ho blei vaksen.

– Eg er på rett hylle, ja, og trivst i jobben min, seier den nybakte leiaren for 12 barnevernstilsette.

Det er ikkje til å stikka under ein stol at barnevernet ikkje berre er verdsett, men òg frykta. Der dei fleste er samde om at tiltaket er til for barna sitt beste, er det òg dei som har eit heilt anna syn.

– Eg er sjølvsagt klar over at barnevernet sine avgjersler somme tider kan vera omstridde, og det er dei som har spurt meg kvifor eg ønskjer å ta på meg dette krevjande leiaransvaret. Til det svarar eg at eg har eit håp og ei tru på at det nyttar, det eg gjer, og at eg kan bidra til å gjera liv betre. Eg toler å stå i det, eg er vaksen og har familien min til å støtta meg på. Dessutan utfører eg ein funksjon og følgjer ei lov, det er ikkje Randi Pedersen personleg som er barnevernet. Det er ein viktig skilnad.

Likevel er Pedersen klar på at ein bør ha med seg hjarta når ein jobbar for desse utsette gruppene.

– Viss ikkje hadde eg ikkje kunna gjort denne jobben, påpeiker ho.

Og Pedersen brukar meir enn gjerne det varme hjartet når ho svarar barn og ungdom som ringer henne, sjølv om det skulle vera seint på kvelden. For som ho seier, dei som slit, slit ikkje berre mellom klokka 08-16 på kvardagar.

– Kva ønskjer eit barn som ringer deg å snakka om?

– Dei fleste ønskjer berre å snakka om små og store ting i kvardagen sin. Uansett synest eg det er godt å ha kontakt med dei eg jobbar for, og «løna» kjem kvar gong eg og kollegaane mine klarar å bidra til å løysa ein utfordrande familiesituasjon til beste for barna, seier ho.

Først og fremst hjelp

– Men kva er eigentleg best for barn, sett frå ein barnevernsleiar sin ståstad?

– Ja, det er det store spørsmålet. Dette er forskjellig frå barn til barn, og ein har ikkje eitt enkelt fasitsvar på det. Her må vi støtta oss til erfaring, kunnskap og ikkje minst lovverket. Vi prøver så langt vi kan å ha ungane/ungdomane med oss når vi skal finna løysingar, det er viktig at dei blir høyrde i eiga sak og at meiningane deira vert vektlagde. Men i siste instans er det vi vaksne som har erfaringa og kunnskapen til å vita kva barnet treng, seier ho.

Pedersen vektlegg òg at det er viktig for barnevernet å samarbeida godt med alle dei vaksne rundt barnet, og då først og fremst foreldra.

– Familiar i krise treng først og fremst hjelp, ikkje motarbeiding. Det er alltid vondt om ei sak endar i omsorgsovertaking, og vi prøver i det lengste å finna andre løysingar før det går så langt. Men i siste instans er det barna vi er her for, og barn har rett på ei trygg og god oppvekst der behova deira står i fokus, slår barnevernsleiaren fast.