Baroniet: Store delar av sesongen avlyst

Foto: Svein Nord

Foto: Svein Nord

Onsdag morgon sende Baroniet Rosendal ut pressemelding om baroniet si drift i det som blir ein heilt spesiell sesong på grunn av koronapandemien.

DEL


Av pressemeldinga går det fram at slottet, overnattingstilbodet og mesteparten av serveringstilbodet vil halda stengd heile sesongen.

Alle konsertane i Riddersalen er flytta til tilnærma same dato i 2021, og all publikumsrelatert verksemd er stengd i mai og juni. Men baronihagen er open, og i byrjinga av juli blir Hagecafeen opna.

Her er pressemeldinga i sin heilskap:

Styret for Baroniet Rosendal / Den Weis-Rosenkroneske Stiftelse vedtok 22. februar eit budsjett for 2020 på kr 35,4 millionar med ei forventa eigeninntekt frå drifta på kr 19,7 mill.

Denne svært høge eigendelen i Baroniet Rosendal sitt driftsbudsjett gjer at museet er svært sårbart for svingingar i besøkstalet på grunn av ytre årsaker.

Då Norge vart råka av koronakrisa i midten av mars, opplevde Baroniet Rosendal umiddelbare verknader av denne i form avbestillingar av alle små og store tinga arrangement.

Dette betydelege bortfallet av forventa inntekt, saman med dei nasjonale covid-19-restriksjonane, gjer at museet er tvinga til å halda all publikumsrelatert verksemd stengd i mai og juni.

På denne bakgrunnen blei det i digitalt styremøte for Baroniet Rosendal / Den Weis-Rosenkroneske Stiftelse 18. mai vedtatt eit revidert budsjett for 2020 med omfattande endringar.

I dette reviderte budsjettet er estimatet for eigne inntekter i 2020 redusert frå kr 19,7 mill. til kr 7,9 mill.

Dei dramatiske endra økonomiske vilkåra for drifta av Baroniet Rosendal, saman med dei siste nasjonale retningslinjene for opning av kulturinstitusjonar, vil sjølvsagt innebera ei drastisk endring det planlagde sommartilbodet.

Slottet frå 1665 og overnattings- og serveringstilbodet må i 2020 dessverre halda stengt. Utstillinga til den internasjonalt anerkjende samtidskunstnaren Olav Christopher Jensen, samt alle Riddersal-konsertane og Shakespeare teateret er flytta til tilnærma same dato i 2021. Rosendal Kammermusikkfestival 2020 er som tidlegare meldt flytta fram til sommaren 2022. Den praktfulle Rosendal Have vil som tidlegare vera open gjennom heile sesongen, og i perioden 5. juli til 9. august har Baroniet Rosendal gleda av å kunne ønskje velkomen til forfriskingar og lettare servering i Hagecafeen i Kjøken & Urtehagen. I same periode vil også besøkssenteret og Riddersalen vera open med infofilm om Baroniet Rosendal si historie, samt ei digital omvising frå rom og salar på Slottet frå 1665. Det er også allereie sett i gang eit digitalt formidlingsprosjekt i sosiale media med ei rekkje føredrag av Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie og forskar ved Baroniet Rosendal, samt etablering av eit virtuelt besøkssenter på Baroniet Rosendal si heimeside. Prosjektarbeidet ved museet held fram som planlagt, og i 2020 vil det bli realisert ulike bevarings- og museumsutviklingsprosjekt for til saman kr 12,5 mill.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags