Baroniet og revolusjonen i landbruket

Jørn Øyrehagen Sunde. (Pressefoto).

Jørn Øyrehagen Sunde. (Pressefoto).

Laurdag held Jørn Øyrehagen Sunde føredrag i Riddersalen i Baroniet Rosendal.

DEL

Pressemeldinga røper følgjande om føredraget:

Frå 1822 til 1890 gjekk folketalet i Noreg frå 1 til 2 millionar. Byane vaks, ny industri vart etablert, og mange utvandra til Amerika. Men Noreg var på 1800-talet framleis eit jordbrukssamfunn der dei fleste budde på landsbygda. Utvikling av nye jordbruksmaskinar, nye dyrkingsmetodar og nye husdyrrasar var difor heilt sentralt for å betra levevilkåra i Noreg generelt. I dette arbeidet gjekk stamhuset Rosendal og stamhusbesittar Marcus Gerhard Hoff-Rosenkrone heilt fremst. Gjennom avisoppslag vart hans arbeid for utviklinga av særleg jordbruket kjent over heile landet. Men òg andre i det som i dag er Kvinnherad kommune spelte ei rolle i å revolusjonera jordbruket, og sette spor etter seg i både regionale og nasjonale aviser. Denne historia skal professor og forskingsleiar ved Baroniet Rosendal, Jørn Øyrehagen Sunde, fortelja i føredraget «Mønsterbruket Baroniet Rosendal – godsdrift og jordbruksrevolusjon på 1800-talet» i Riddarsalen 1. september kl. 17.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags