Elevane serverte tonar frå 15- og 1600-talet då Baroniet heldt «ope slott»

Gitaristane i sving: I tilfeldig rekkefølgje: Gunnar Eikemo Steine, Magnus Aksnes, Johannes Bru Røssland, Torstein Bjelland, Mari Bjelland, Nadine Morstad, Daniel Morstad, Jonathan Taranger, Eirik Sørstrømmen. Heilt til høgre kulturskulelærar Ingvald Nilsen-Nygaard.
Kulturskulelærar Ingvald Nilsen-Nygaard, fortel at elevane hadde øvd i rundt eitt år på framsyninga dei gjorde fredag. Baroniet Rosendal var då ope for alle – ein kunne vandra fritt omkring og kikka og høyra på ungdomen sine flotte tonar i tre forskjellige rom. Eller sjå på bildekunst-utstillinga nede.
– Vellukka
12 elevar frå Kvinnherad kulturskule gjorde sin første konsert i Baroniet:
– Dei fleste har jo vore innom Baroniet tidlegare, det er kanskje eg som synest det er artigast, ler lærar Nilsen-Nygaard.
– Eg vil seia at dette var ganske vellukka. Ein fin akustikk i rommet her vi spelte. Eg trur elevane synest det var spennande og artig å få gjera noko som dette, kommenterer han.
Daniel Morstad (12), Johannes B. Røssland (13), Eirik Sørstrømmen (12) og Nadine Morstad (15) var blant dei ni elevane i «grønestova» som underheldt gjestene med gitarspel.
– Ei ny og veldig kjekk oppleving, sa dei.
I tillegg til dei ni gitaristane, kunne ein få med seg Alida Nesheim, Vibeke Escher og Olena Pasichnyk på fiolin, samt pianoelev Jan Halvor Postigo Moss – som hadde øvd inn fire ganske så krevjande stykke for høvet. Han var aleine om å gi den gule sal «musikalsk liv» i éin og ein halv time denne dagen.
Løna med konsert
Direktør ved Baroniet Rosendal, Anne Grete Honerød, syntest det var veldig stas at kulturskuleelevane kunne ta del i fredagens arrangement, som var ein del av Rosendal Kammermusikkfestival.
– Veldig fint at kulturskulen kunne vera med i festivalprogrammet på denne måten. Eg er svært imponert over nivået dei held. Eg trur mange fekk ei veldig fin oppleving. Vi har heller ikkje for vane å opna Baroniet på denne måten. Eg trur mange sette pris på å kunna komma hit og gå rundt og sjå, men i dag var det musikken som var i fokus, sa Honerød til Kvinnheringen fredag.
Som ei symbolsk takk, blei kulturskuleelevane inviterte til laurdagens konsertar i Riddersalen.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken