Kleveland og teater i vente

Åse Kleveland skal halda konsert i Borggarden torsdag 12.juli.

Åse Kleveland skal halda konsert i Borggarden torsdag 12.juli.

Hektiske dagar er i vente ved Baroniet Rosendal den komande veka.

DEL

Først ut er Sondre Lerche, som spelar i Den Raude Sal onsdag. Konserten der er utseld. Så er det tid for tidlegare kulturminister Åse Kleveland, som skal halda konsert i Borggarden torsdag 12. juli. Kleveland er nok mest kjend på musikalsk plan frå perioden 1977 til 1980 då ho var med i visesonggruppa Ballade saman med Lillebjørn Nilsen, Birgitte Grimstad og Lars Klevstrand.

I år er det klart for eit aldri så lite jubileum når det for 25. året på rad blir Shakespeare-teater i Borggarden. The Festival Players kjem i år med stykket «The Winters tale», som er ein dramakomedie.

Laurdag er det igjen klart for møte med Thomas Dybdahl. Han er blitt ein kjend og kjær gjest ved Baroniet Rosendal, og som vanleg spelar han i Borggarden.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags