Pollestad i Den Røde Sal

Kjell Arild Pollestad kjem til Baroniet Rosendal torsdag. (Pressefoto)

Kjell Arild Pollestad kjem til Baroniet Rosendal torsdag. (Pressefoto)

DEL

Torsdag blir det gjensyn med Kjell Arild Pollestad på Baroniet Rosendal.

I ei pressemelding frå Baroniet Rosendal heiter det at dette er 15. året at Kjell Arild Pollestad kjem tilbake til Den Røde Sal, sjølv om han ikkje spelar noko instrument. Han fyller salen med ordkunst.

– Pateren er mest kjent for sitt forfattarskap, men dei seinare år har han også oversett litterære storverk som Snorres Kongesagaer og Homers Odysseen. I år har han gitt ut Iliaden. «Å få lese Homer i prosa var befriende,» stod det i Aftenposten si melding av boka. 

I årets kåseri vil Pollestad presentera Iliaden, og visa kor gripande og djupt menneskeleg det framleis talar til oss, nesten tre tusen år etter at det vart skrive, heiter det i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags