Tett og rikhaldig program i baroniet

KJEM SNART: Tenorane og pianisten Steffen Horn  kjem på søndag. Denne gongen blir konserten i Ridderhallen. Arkivfoto

KJEM SNART: Tenorane og pianisten Steffen Horn kjem på søndag. Denne gongen blir konserten i Ridderhallen. Arkivfoto

Av

Engelsk teater, Tenorane, Dybdahl og Eidsvåg. Høgdepunkta står i kø dei neste dagane.

DEL

Denne helga vert Borggården gjort om til teaterscene. No kjem nemleg det årvisse ensemblet «Festival Players» på besøk igjen. Som vanleg byr dei engelske skodespelarane på Shakespeare, og denne gongen står det fargerike stykket «Much Ado About Nothing» på plakaten, eller på norsk, «Stor ståhei for ingenting».

– Her blir det full fart, mykje musikk, flotte kostymar, dyktige skodespelarar og stor moro. Språket kan vera litt vanskeleg å forstå, men ein har absolutt utbyte likevel, forsikrar museumsdirektør Anne Grete Honerød om det fargerike ensemblet frå England.

Det blir førestilling både fredag og laurdag.

Dybdahl og Tenorane

Også i Riddersalen er det fart i det i helga. Laurdag entrar den omtykte songaren, gitaristen og låtskrivaren Thomas Dybdahl scenen. Han har halde konsert i baroniet før, men opptrer denne gongen i Riddersalen for første gong.

Søndag er det «Tenorane og Steffen Horn» sin tur, songarane og pianisten som har spesialisert seg på kombinasjonar av klassisk musikk, muntre kommentarar, spilloppar og humør. Tenoren og stordabuen med slekt på Kaldestad, Aasmund Kaldestad, fortel at det blir litt meir konsert og litt mindre tøys enn vanleg denne gongen. Konserten, med mykje nytt repertoar, er bygd opp med tanke på erfaringane Tenorane gjorde seg i Ridderhallen i fjor.

– Ein kjem ikkje så nær publikum her som vi gjorde i Borggården, der vi song før, derfor har vi tilpassa programmet etter det. Ridderhallen er blitt ein fantastisk konserthall som vi ser fram til å opptre i. Tenk at den gamle løa kunne bli så flott, då, seier Kaldestad entusiastisk.

Frå programmet fortel han om musikalmusikk, klassiske perler og opera.

– Sjølvsagt tullar og tøyser vi litt i år òg. For eksempel blir det både tulle-opera og skikkeleg opera, forsikrar han.

Forutan Aasmund Kaldestad består tenor-trioen av Henrik Hundsnes og operatenoren David Fielder frå Sverige. Og som alltid sit Steffen Horn ved klaveret.

– Baroniet er ein magisk plass og verkeleg eit høgdepunkt for oss. Vi har med oss familiane våre og gler oss skikkeleg til å koma, helsar tenor Kaldestad.

Eidsvåg i Borggården

Ingen baronisommar utan Bjørn Eidsvåg. Eidsvåg og bandet hans byr på tre konsertar der dei likar seg best, nemleg i Borggården. Konsert er i vente både tysdag, onsdag og torsdag kveld. Av slikt blir det god stemning. Dessverre for dei som ikkje har sikra seg billett, er konsertane utselde.

– Men det kan bli ei løysing for den som kjem på døra utan billett, men eg kan ikkje lova noko, seier Honerød.

På baroniet sine heimesider kan du lesa meir om det innhaldsrike kulturprogrammet i sommar.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags