Maleri og musikk i baroniet


«SYK PIKE»: Dette bilde av kunstnaren Svein Johansen heiter «Syk pike» og er tileigna Edvard Munch.

«SYK PIKE»: Dette bilde av kunstnaren Svein Johansen heiter «Syk pike» og er tileigna Edvard Munch. Foto:

Laurdag 1. juni opnar den omfattande sommarutstillinga i Baroniet Rosendal, kuratert av professor Gunnar Danbolt.

DEL

Utstillinga er todelt. I Vinkjellaren og Borgstovo kjem 25 maleri av kunstnaren Svein Johansen (1946 –), og i Riddersalen kjem ei digital utstilling av kunsten i Sovjetunionen på Dmitrij Sjostakovitsj (1906 – 1975) si tid. Professor Gunnar Danbolt opnar utstillinga med eit lysbildeforedrag i Riddersalen førstkomande laurdag. Han har sett saman begge utstillingane, eller kuratert, som det heiter.


Vinkjellaren og Borgstovo

På Slottet skal malaren Svein Johansen (1946–) stille ut maleri under tittelen «Tilegnet». Tittelen skuldast at mange av maleria er tileigna kunstnarar som har betydd, og stadig betyr, mykje for Svein Johansen. Det gjeld komponistar som Mozart, Beethoven, Messiaen, Schönberg, Sjostakovitsj, Ligeti og Cage, men òg diktarar som Paul Celan, bildekunstnarar som Michelangelo og Edvard Munch og en filmskapar som Andrej Tarkovskij.

Johansen vart kjent på 1980-talet med arkitekturmaleria sine frå store plassar og palass, parkar og breie gater, særleg i Vinterreise-serien og i maleri frå Roma, som La Pigna og romerske ruinar. Dette er figurative bilde som både er maleriske, stofflege og sanselege. Seinare har han for det meste operert i spennet mellom figurasjon og abstraksjon, men stadig med vekt på maleriske kvalitetar, eigenskapar som frå slutten av 1800-talet ofte var å finna i musikken. Slik er det samanheng mellom form og innhald, for dei fleste av maleria har musikken som tema i ein stil som speglar den.


Riddersalen

I Riddersalen blir det digital utstilling av den kunsten som dominerte i Sovjetunionen på Dmitrij Sjostakovitsj si tid. Nokre av bilda vil visa den tillatne kunsten med vekt på dei heltemodige arbeidarane på arbeidsplassane og bøndene på åkrane i ein realistisk stil frå siste del av 1800-talet. Sjølv om innhaldet var ulikt, var stilen den same som den Adolph Hitler sette sitt godkjentstempel på. Begge desse diktatorane var opptatt av ein kunst som var enkel og lett forståeleg.

Slik var ikkje kunsten i den vestlege modernismen, som Hitler kalla einsarta og Stalin formalistisk. Ikkje desto mindre vart det i undergrunnen òg laga modernistisk kunst i Sovjetunionen. Utstillinga vil gi eksempel på den. Sjostakovitsj hadde problem med å halda seg innanfor dei strenge rammene for det godkjente, og vart ofte skulda for formalisme. Og det var farleg – mange hamna i fengsel for dette. Nokre måtte til og med bøta med livet. Sjostakovitsj unngjekk det, men ofte berre så vidt.

Utstillingane står like til 1. september.


Pressemelding


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags