Tre nye millionar til Kammermusikkfestivalen

Leif Ove Andsnes set stor pris på pengegåver frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen.

Leif Ove Andsnes set stor pris på pengegåver frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

– Baroniet Rosendal er svært takknemleg og jublar over at støtta frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen blir forlenga med to nye år.

Slik kommenterer baronidirektør Anne Grete Honerød den rause gåva frå stiftinga som også tidlegare har vore ein god støttespelar for Rosendal Kammermusikkfestival.

– Utan denne støtta ville ikkje Leif Ove Andsnes sitt fantastiske festivalprosjekt vore mogleg, legg ho til i den ferske pressemeldinga om friske pengar til den ambisiøse festivalen som går av stabelen i Rosendal denne helga.


Over to år

Dei tre millionane som kjem kammermusikkfestivalen til gode no, blir gitt som ei støtte over to år frå 2019. I pressemeldinga om gåva seier stiftinga sin daglege leiar, Sveinung Hole, dette om kvifor:

– Som støttespelar for Rosendal Kammermusikkfestival ønskjer Stiftelesen Kristian Gerhard Jebsen å bidra til å realisera visjonen om å etablera festivalen blant dei fremste i Europa.


– Eineståande støtte

Festivalleiar Leif Ove Andsnes er like glad for nok ei raus gåve frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen (SKGJ) som vertskapet på baroniet er.

– Det har vore svært inspirerande for meg å arbeida med Rosendal Kammermusikkfestival dei tre første åra, og å kunna arbeida med ein kunstnarisk visjon i visse om at vi har ei økonomisk ryggrad i den eineståande støtta frå SKGJ. Det at stiftinga no går inn med forlenga støtte, gjer at vi kan tenkja kunstnarisk ambisiøst i forlenginga av ein suksessfull start. Eg har mange store planar for festivalen, og ser at vi no har høve til å realisera desse. Det er eg veldig glad for, takkar Leif Ove Andsnes.


Om stiftinga

Stiftinga vart etablert av enka etter skipsreiar Kristian Gerhard Jebsen og sønene deira i 2009. Medisinsk forsking er det største satsingsområdet, men betydelege summar har også gått til kultur. Sidan oppstarten har SKGJ delt ut heile 59 millionar kroner til kulturprosjekt i Bergen og på Vestlandet, ifølgje pressemeldinga. Nokre av pengane har gått til Leif Ove Andsnes sin «Beethoven Journey» i åra 2012 til 2015. Andre til Bergen filharmoniske orkester, Jiri Hlinka Klaverakademi og Edvard Grieg Internasjonale Pianokonkurranse. Rosendal Kammermusikkfestival har fått økonomisk støtte frå starten i 2016.

– Høge internasjonale ambisjonar kjenneteiknar kammermusikkfestivalen der framragande norske musikarar får høve til å spela saman med internasjonalt etablerte og interessante utøvarar. Baroniet Rosendal er ei perfekt ramme for slike møte, rosar stiftingsleiaren i pressemeldinga.


Kulturministeren kjem

Startskotet for årets festival går i Riddersalen torsdag kveld denne veka. Ingen ringare enn kulturminister Trine Skei Grande skal stå for den offisielle opninga. På konserten som følgjer spelar festivalleiar Leif Ove Andsnes og søstera hans, Ingrid Andsnes, saman med eit knippe internasjonale musikarar. Bartok og Ravel er blant komponistane på programmet. 20 pressefolk frå heile verda er til stades i den fullsette salen.

Anne Grete Honerød fortel at det til saman er selt over 5.000 billettar til dei 12 konsertane som er i vente. Opningskonserten er fullteikna, men elles er det ledige billettar til dei fleste konsertane, etter at ekstrabillettar nyleg vart lagde ut. Her er det berre å gripa sjansen til å skaffa seg store, musikalske opplevingar.


Andsnes er spent

Vi tar ein prat med festivalleiar Leif Ove Andsnes i det han startar bilturen frå Bergen til Rosendal tysdag.

– I år blir det ein annleis og fargerik festival med mange komponistar som levde under første verdskrigen. Dette er musikalsk sett ein utruleg spennande periode. Men det er ikkje krig i all musikken, for den kjem i mange fargar og variantar. Mykje av det som blir framført er musikk eg ikkje kjente frå før, men som eg no har sett meg inn i og sett saman i dialog med musikarane. Det blir spennande å sjå korleis det fungerer og om folk i salen trivst. Sjølv har eg store forventningar og trur publikum har gode musikalske opplevingar i vente.

– Er alt klappa og klart?

– Eg trippar litt, det må eg vedgå, men det blir nok i år som i tidlegare år, at når eg kjem til Rosendal og møter musikarane og vertsskapet, så kjem den gode kjensla som seier at dette blir bra. Faktisk er det kjempemoro for meg.

– Er du glad for at kulturministeren kjem til opninga?

– Klart det er stas at Trine Skei Grande tar seg tid til dette. Fint er det òg å få visa henne kva vi held på med. Det kan vera viktig, seier den travle festivalleiaren to dagar før festivalen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags