Kommunen kjøper hos baroniet

Baroniet ønskjer å selja fire eigedomar til kommunen til 40 prosent av taksten. Formannskapet seier ja, men kommunestyret har siste ordet.

DEL

Eigedomane det er tale om er fire område som kommunen i dag har festeavtalar på. 49 til 66 år er framleis igjen av festeperioden. Eigaren av baroniet, Den Weis-Rosenkronske Stiftelse (DWRS), ønskjer likevel å avhenda eigedomane, dette for å skaffa midlar til ferdigstilling av Ridderhallen, og for å konsentrera seg om drifta av baroniet, går det fram av sakspapira til formannskapet i førre veke.

DWRS tilbyr eigedomane til 40 prosent av den samla taksten på 8,5 millionar. Det betyr at kommunen må ut med 3,4 millionar for å få hand om dei fire områda.

Barnehagetomta

Formannskapet godtar tilbodet og gir Kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføra kjøpet, men på vilkår av at den såkalla «uråderetten» på ein del av barnehagetomta i Rosendal (gnr 83 bnr 32) blir sletta. Denne er slik formulert: «Denne eiendomen skal Kvinnherad kommune ha til eget bruk. Den skal således ikke kunne overdras til andre eller utstykkes i parseller for salg eller bortleie.»

Politikarane ønskjer her å føra opp 8–10 bustader for unge med nedsett funksjonsevne, med fellesbase og personalbase. I vedtaket frå formannskapet heiter det at detaljreguleringa for arealet, saman med tilstøytande areal i kommunen si eige, skal starta opp straks. På området kan det bli langt fleire bueiningar enn dei nemnde 8–10.


Dei fire areala som DWRS ønskjer å selja til kommunen, er desse:

Gnr 83 bnr 1: Idrettsbanen

Gnr 83 bnr 14: Del av parkeringsplassen ved rådhuset

Gnr 83 bnr 55: Del av Rosendal ungdomsskule

Gnr 83 bnr 62: Parkeringsplass ved banken


Samla festeavgifte for alle fire er 20.363 kroner per år.

Heile saka skal vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags