Tekne i mot med stor ståhei

Dronning Margrethe og Dronning Sonja i hesteskyss på veg til Baroniet Rosendal. (Foto: Carina Wangensten)

Dronning Margrethe og Dronning Sonja i hesteskyss på veg til Baroniet Rosendal. (Foto: Carina Wangensten)

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Rett over klokka 14.30 kom Dronning Sonja og Dronning Margrethe i land i Rosendal

DEL

Dei to er no på plass for å opna den historiske utstillinga i Baroniet Rosendal. På kaien i Rosendal vart dei møtt av eit folkehav, og hest og kjerre frakta dei to dronningane til baroniet.

Det er aller første gong dei to dronningane stiller ut i saman.

I forkant av utstillinga var pressa invitert, og fekk informasjon om utstillinga til dronningane.

Det var direktør ved Baroniet Rosendal, Anne Grete Honerød, som tok initiativ til utstillinga, og spurde om dronning Sonja ville stilla ut på baroniet. Dronning Sonja takka ja, og invitete dronning Margrethe til ei felles utstilling.

Kuratorane ved Kongehuset, Ole Larsen og Elisabeth von Buchwald, fortel til Kvinnheringen at Dronning Sonja og Dronning Margrethe har med seg bilete frå 1974 og fram til 2014.  Dei eldste bileta er det dronning Margrethe som har, Sonja byrja ikkje som kunstnar før i 2008.

Dei to har sidan mars arbeidd med utstillinga, og har sjølv plukka ut bileta som skal vera med, men dronningane veit ikkje korleis utstillinga er sett samen på Baroniet Rosendal.

Artikkeltags