Kom med ein halv million, reiste med fire øl og to pelargoniar

GLADE: Anne Grete Honerød kunne i dag smila over at Staten vil auka driftstilsktoet til Baroniet med ein halv million kroner i året. Kulturminister Trine Skei Grande leverte nyhenda, og fekk med seg to pellagoniar heim til Oslo.

GLADE: Anne Grete Honerød kunne i dag smila over at Staten vil auka driftstilsktoet til Baroniet med ein halv million kroner i året. Kulturminister Trine Skei Grande leverte nyhenda, og fekk med seg to pellagoniar heim til Oslo.

DEL

Kulturminister Trine Skei Grande opna Kammermusikkfestivalen i Rosendal torsdag. Fredag morgon kom ho med ein halv million i gåve til Baroniet Rosendal.

Baroniet Rosendal er av dei musea i Norge som får minst statleg støtte, 1,425 millionar kroner i året. Frå neste år av vil dette beløpet bli minst èin million kroner høgare.

Trine Skei Grande inviterte saman med det lokale partilaget til Venstre, med Kent Are Petterson i spissen til pressekonferanse i hagestova i Baroniet Rosendal fredag morgon.

Grande ønskte velkommen og opna med ein serie av lovord om Baroniet.

– For meg er baroniet det ein ønskjer kulturforvaltninga skal vera. Det er eit levande museum der dei er flinke til å dra inn private. Poenget med eit museum er at det skal koma folk, og det er dei opptekne av i Rosendal. Baroniet har hatt ei imponerande utvikling, og dei er flinke til å dra inn gåver frå private, noko som gjev midlar frå gåverforsterkingsordninga. Ei ordning som har vore eit av mine hjartebarn. Så langt har Baroniet Rosendal fått inn 5,7 millionar gjennom denne ordninga, og det viser at den fungerer, sa Grande.

Ho viste vidare til det låge driftstilskotet Baroniet Rosendal får, og at det er urettvist.

– Vi vil difor gje ein halv million kroner i året i ekstra driftstilskot, og vi veit kommunen er innstilt på å gjera det same, og håpar òg fylkeskommunen vil vera med, sa Grande.

Ho fortalde at ho i baren kvelden før hadde blitt utfordra på dette av ordføraren i Kvinnherad. Det stadfesta ordførar Peder Sjo Slettebø, som informerte om at kommunen har vedtak på å gå inn med ein halv million ekstra i driftstilskot om staten og fylkeskommunen òg er med. No tyder alt på at det går i orden, og at baroniet Rosendal dermed får halvannan million kroner meir i året til drift.


Tårer

Administrerande direktør ved Baroniet Rosendal tok nesten til tårene då Trine Skei Grande formidla nyhenda.

– Dette tar vi imot med jubel og glede. Vi har tidlegare prøvd å venda oss til departementet, men det har vore vanskeleg. Det er varmande og oppløftande med ministeren sitt klarsyn, jubla Honerød.

Ho takka og ordføraren og dei lokale politikarane for at dei står på for Baroniet Rosendal.

– Dette gir oss ein tryggleik lokalt. Med desse pengane kan vi pusta meir normalt framover. Vi var inne på tanken om å ta det litt meir med ro i år, etter nokre litt tunge år, men Reidar Nedrebø har brukt fotballaget Haugesund sin trenar sin filosofi, og sagt vi må peisa på i år òg, og det har vore redninga vår i år, sa Honerød.


Takka

Ordførar Peder Sjo Slettebø sa at det var hyggeleg med ministerbesøk og at det er svært viktig at Baroniet Rosendal får eit auka driftstilskot. Han rosa Kent Are Petterson og Synnøve Handeland for det arbeidet dei har lagt ned for å få gjennomslag for dette, og sa at kommunen no skal koma med sin del. Til møtet var òg Bjørn Olav Tveit frå Festidalen, gallerieigar Gøril Guddal og komande direktør for Sunnhordland Musesum, Linda Øen, invitert. Dei fortalde om kva dei jobbar med og kva utfrodringar dei står ovanfor.

Minisiteren lytta interessert og vart invitert både til Halsnøy Kloster og Festidalen. Ministeren som er svært interessert i mikrobryggeri, fekk fire øl i gåve frå Mykle Mikrobryggeri, og ved neste tur til Kvinnherad vil nok turen gå innom bryggeriet.

Etter den offisielle delen av programmet gjekk Honerød og Skei Grande på tur i parken, og med løyve frå gartnaren fekk Grande ta med seg stiklingar frå fleire Pelargoniar heim til hagen sin i Oslo Aust.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags