Natur og kultur på baroniet

Av

2. juli held Jørn Øyrehagen Sunde føredrag på baroniet.

DEL

Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie UIB og forskar ved Baroniet Rosendal, skriv på ei stor bok om historia til Baroniet Rosendal.

Sommarføredraga hans er difor direkte knytt til dei tema han til ei kvar tid arbeider med. I vår har han arbeidd med historia til hagen på Baroniet Rosendal. Den var tema for det historiske seminaret i juni, og er igjen tema for Sunde sitt føredrag 2. juli med tittelen «Natur og kultur på Baroniet Rosendal». Her vil han ta for seg hagen si utviklingshistorie, og visa relasjonen til nederlandsk og engelsk hagehistorie. Sunde kjem til å nytta kartmateriale frå slutten av 1600-talet til slutten av 1800-talet, måleria til Hans Sager og Catrine Kølle frå 1705 og 1836, men ikkje minst fotografia til Knut Knudsen, Anders Wilse og Ralph Wilson frå 1864 til 1929. Men dei store endringane i hagenanlegget på Baroniet Rosendal er ikkje bare eit stykke hagehistorie, men òg kulturhistorie. For endringane i hagen speglar endringar i korleis ein heldt seg til både naturen rundt hagen, men òg til menneskenaturen. Og det er eit stykke sosialhistorie, fordi endringane i hageanlegget speglar relasjonen mellom kjønn, mellom medlemmar av ulike samfunnsklassar, og mellom folk på landsbygda og i byane.

Jørn Øyrehagen Sunde. (Pressefoto).

Jørn Øyrehagen Sunde. (Pressefoto).


Artikkeltags