Håkon Kornstad Trio i baroniet

TRIO: I kveld kan du oppleva denne spennande trioen i Baroniet Rosendal. (Pressefoto).

TRIO: I kveld kan du oppleva denne spennande trioen i Baroniet Rosendal. (Pressefoto).

Av

Fredag kveld (28. juni) kan du oppleva Håkon Kornstad Trio i Baroniet Rosendal.

DEL

Slik blir Håkon Kornstad beskrive i pressemeldinga frå baroniet:

«Det er ikkje veldig mange her i verda som har tatt steget frå jazzsaksofonist til operasongar, og om mogleg endå færre som kan sleppa unna med det. Men Håkon Kornstad skeisar på tynn is med den aller største sjølvfølge. Som saksofonist er han eit unikum med tone og kontroll som få kan måla seg med. Som songar er han ein lyrisk tenor som vekslar mellom italiensk operabravur og vakker, nordisk tilbakehaldenheit.»

I Håkon Kornstad Trio kjem han saman med botnsolide Mats Eilertsen og «avantgarde»-spellemann Frode Haltli. Dette er ein jazztrio med trekkspel, saksofon og bass, som held fram der Kornstad sitt kritikarroste «Tenor Battle»-album frå 2015 slapp. I November 2018 kom oppfølgaren «Im Treibhaus», («I drivhuset»).

– Med frilynt, varm og vakker traktering av romantiske ariar og songar, ispeidd improvisasjon og musikalsk reiselyst, lovar vi ein konsert som passar både for klassisk- og opera-elskaren, og for jazzelskaren, eller for dei som ikkje trudde dei likte nokon av delane. Vi lover òg lydar du ikkje har høyrt frå saksofon, bass eller akkordion før. Og mest av alt – vakre melodiar som du kan plystra på vegen heim, lovar arrangøren i pressemeldinga.

Artikkeltags