Og det skulle berre mangla, det er ikkje utan grunn at Halsnøy vert kalla basarholmen.
Det var sjølvaste ordførar Peder Sjo Slettebø som leidde basaren frå utescena ved samfunnshuset. Årene gjekk som varme kveitebrød, og det var mange flotte gevinstar.
Med så mange ivrige basargjengarar vart det vanskeleg for dei som sat bak å høyra kva tal som vart ropte opp, og ordføraren måtte be dei som var til stades om å roa ned småpratinga.
– De veit det er med basar som med andakt – det må vera stille medan det føregår, sa Slettebø.