No blir det sommarope basseng på Husnes

Desse unge symjarane i Trio kunne sleppa jubelen laus då dei fekk gladnyhenda om at dei også kan trena i sommar.

Desse unge symjarane i Trio kunne sleppa jubelen laus då dei fekk gladnyhenda om at dei også kan trena i sommar.

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag fekk Trio ei gladmelding frå ordføraren: Bassenget på Husnes skal haldast ope fram til 1. august. – Fantastisk kjekt! jublar Hanne Larsen som er nestleiar i IL Trio.

DEL

Trio har jobba for å få ha heilårsope basseng i ei årrekkje. Vanlegvis blir nemleg bassenget stengt i skuleferien, men etter eit møte mellom Trio og ordføraren på onsdag kom gladmeldinga: Denne sommaren skal bassenget haldast ope fram til 1. august.

– Det er fantastisk, rett og slett! Vi er utruleg takksame for at Peder er villig til å møta oss og lytta til oss, og at han tar tak i ting, seier Larsen.

Hanne Larsen hadde lova ordføraren ein god klem neste gong ho såg han. – Det du har fått til er fantastisk, sa ho.

Hanne Larsen hadde lova ordføraren ein god klem neste gong ho såg han. – Det du har fått til er fantastisk, sa ho.

Ho legg til at skal ein driva med symjing, så er ein avhengig av heilårsope basseng. Viss ikkje er det mange som sluttar når bassenget blir stengt om sommaren, og då må symjegruppa begynna på «null» igjen til hausten.

– Trio gjer ein god jobb for symjemiljøet i kommunen, og då meiner eg kommunen må strekkja seg for å imøtekomma deira behov. Etter møtet med Trio tok eg saka opp med administrasjonen, som var positive til å finna ei løysing. Det er nokre kostnader knytte til sommarope basseng, men det skal vi klara å løysa. Eg vil takka administrasjonen for velviljen og at dei snudde seg rundt på denne måten. Det var viktig for meg å få ei avklaring på dette no, seier Slettebø til Kvinnheringen.

F.v. Tonje Gravdal, Wenche H. Eikesdal og Hanne Larsen (heilt til høgre) var strålande glade for at ordførar Peder Sjo Slettebø har fått ordna sommarope basseng i år.

F.v. Tonje Gravdal, Wenche H. Eikesdal og Hanne Larsen (heilt til høgre) var strålande glade for at ordførar Peder Sjo Slettebø har fått ordna sommarope basseng i år.

Han seier det er to hovudgrunnar til at ein no vel å ha bassenget ope i heile juli; Det eine er av omsyn til dei som trener i bassenget og satsar på symjing som sin idrett, og det andre er at bassenget kan vera eit fint tilbod til innbyggjarane viss det ikkje er badevêr utandørs.

– Eg håpar at mange frå heile kommunen vil nytta seg av tilbodet i sommar, legg ordføraren til.

Trio på si side har sagt seg villige til å hjelpa til med reinhald på dugnad. Bassenget stenger 1. august på grunn av nødvendig vedlikehald med ventilasjonsanlegget.

– Heldigvis har ordføraren ordna det slik at Trio si symjegruppe då kan få trena i bassenget på Halsnøy, og det er òg svært gledeleg for oss. No håpar vi berre at sommarope basseng blir ei permanent løysing, seier Larsen.

– Ja, viss dette blir ein suksess i år, og ønsket om heilårsope basseng held fram, får vi prøva å få til eit meir varig opplegg, kommenterer Slettebø.

Artikkeltags