Gå til sidens hovedinnhold

Baste til Senioruniversitetet

Artikkelen er over 2 år gammel

Ivar Baste og føredraget «Naturumangfald» er Kvinnherad Senioruniversitet sitt fyrste føredrag denne hausten.

Baste sitt føredrag har undertittel «Ei alvorleg utvikling for naturen - kva betyr det og kva kan vi gjera». I pressemeldinga heiter det at tapet av naturmangfald er akselererande og utan sidestykke i historia til menneske. Éin million av dei åtte millionane plante- og dyreartane på kloden kan bli utrydda.

Naturmangfaldet er livsgrunnlaget til menneska og tapet av mangfald påverkar folk på heile kloden. Baste vil i føredraget også sjå på om vi kan lukkast med tiltak for å nå den framtida vi ynskjer.

Vi kjenner Ivar Baste som tidlegare dagleg leiar i Stiftinga Folgefonnsenteret. Han er utdanna biolog og har mellom anna 30 års erfaring frå nasjonal og internasjol forvalting. Vi såg Baste på tv-skjermen 6. mai då han presenterte FN Naturpanel sin rapport i Dagsrevyen på NRK.

Føredraget til Kvinnherad Senioruniversitet går føre seg i Rosendal samfunnshus 12. september, og er ope for alle som har høve til å delta på arrangement midt på dagen.

Les også

Olav Øye har gjort ein formidabel jobb etter at han overtok Ablane gard på Skeie

Les også

– Her får folk kontakt med blomane og naturen. Vi treng alle slike rom, der vi sansar noko og tar det inn

Kommentarer til denne saken