Arrangørane har laga ei rikhaldig pressemelding og lokkar med storinnrykk av skuter, føredrag, skutekro, musikk, lubbesildkurs, sosialt samvær og aktivitetar for store og små. Føredraga blir presenterte i Folgefonnsenteret i Rosendal laurdag 15. september. Først ein runde om føremiddagen, og så blir det føredragsreprise om ettermiddagen. Ønskjer du meir info enn det som her er henta frå pressemeldinga, kan du gå inn på skutefest.no


«Gurine»

Første føredrag ut er vertskapet, og då handlar det om galeasen «Gurine» og det store restaureringsprosjektet. Meir enn 35.000 dugnadstimar er lagde ned sidan det heile starta opp i 2011. Neste år skal skuta på sjøen!


Kristoffer Rustung

Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved UiB, er ein formidlar av rang. Han kjem med føredraget «Kristoffer Rustung – handelsaristokratiet i Sunnhordland og handlande bønder på 1500- og 1600-talet». Rustung har røter på Seim ved Rosendal og vart gjerne – i beste fall – framstilt som bajas, i verste fall som pirat. Han var ingen av delane. Rustung var ein dyktig militær og truleg godt utdanna aristokrat som spelte ei sentral rolle i dansk-norsk politikk rundt reformasjonen.

Saka held fram under bildet.

Restaureringa av «Gjøa»

Fartøyvernsenteret i Norheimsund har hatt ansvaret for restaureringa av «Gjøa». Skuta har kome under tak på Bygdøy, og vore gjennom eit omfattande restaureringsarbeid. Leiaren for dette arbeidet – Morten Hesthammer – kjem til skutefesten for å fortelja om korleis dei har gått fram.


Kyrkjebåtar i Hardanger

Peter Helland-Hansen og Kjell Magnus Økland skal fortelja om «Kyrkjebåtar i Hardanger og fellesnaust for tradisjonsbåtar». Helland-Hansen er trebåtbyggjar og leiar ved småbåtverkstaden ved Hardanger Fartøyvernsenter. Økland er dagleg leiar for Stiftinga Kystsogevekene.

I september vert den nye kyrkjebåten til Hardanger Folkehøgskule sjøsett. Kyrkjebåten er eit kulturminne frå ei tid då fjorden batt oss saman, og kyrkjebåtane var å sjå på fjorden kvar einaste søndag. Kan me laga ny kultur gjennom god tilrettelegging for bruk av slike båtar?