Båtulukka utanfor Varaldsøy: Mann frå Kvam omkom

Politiet trur båten trefte land omtrent her. (Foto: Kvinnherad lensmannskontor).

Politiet trur båten trefte land omtrent her. (Foto: Kvinnherad lensmannskontor).

Pårørande er varsla.

DEL


I ei pressemelding melder Vest politidistrikt at den eine av dei to personane i båtulukka som skjedde på øya Sild i Sildefjorden aust for Varaldsøy, ikkje overlevde.

Det var rundt klokka 02.23 natt til søndag at politiet fekk melding om ulukka, der to personar i ein båt skulle ha køyrt på land.

Kvinna som var i båten fekk varsla om ulukka, og låg då i sjøen og klamra seg til land. Ho meldte at den andre personen i båten, ein mann, skulle vera bevisstlaus.

Begge personane blei plukka opp av vatnet rundt klokka 03.07 ,og den bevisstlause mannen blei floge direkte til Haukeland Universitetssjukehus med helikopter.

Seinare blei også kvinna flogen til sjukehuset for behandling.

Den 52 år gamle mannen overlevde ikke ulukka, og blei erklært død søndag morgon rundt klokka 08.10. Nærmaste familie blei varsla.

Politiet har starta etterforskning for å avklara omstenda rundt ulukka. Båten, ein 18 fot Buster XL, hadde skadar i baugen og på sida.

Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor fortel til Kvinnheringen at mannen var heimehøyrande i Kvam kommune, og at den 48 år gamle kvinna, som også var med i ulukka, var ektefellen til den omkomne.

Vidare etterforsking vil halda fram, og Børve ber personar som kan ha høyrt eller sett unormal aktivitet på fjorden natt til søndag om å melda seg.

– Per no har vi ingen direkte vitne. Dersom det skulle vera nokon som kan ha sett eller høyrt noko, er vi interessert i å høyra frå dei, legg han til.


Artikkeltags