Bebuarar på Kvadraten må evakuera via trapper ved brann: – Ikkje ein ideell plass å bu når ein er dårleg til beins

Bebuarar i Kvadraten som er avhengige av rullator må evakuera via trapp ved eventuell brann. – Slett ikkje uvanleg, seier bustadforvaltar Ståle Hallingstad i kommunen, men vedgår at bustadane ikkje er ideelle for folk som er dårlege til beins.