Marta Kroka har vore aktiv i Husnes Indremisjon sidan 1978. Her viser ho fram minne frå oppstarten, ein artikkel frå dagen bedehuset vart vigsla.

Eitt av dei nyaste bedehusa i kommunen

– Historisk sett har bedehusrørsla vakse fram inne i kyrkja. Men med vekkinga kom også behovet for indremisjonsrørsla fram, fortel Arne Lindekleiv, leiar i Husnes Indremisjon. Han har møtt Kvinnheringen i eitt av dei nyaste bedehusa i kommunen, Betel (41) på Husnes.
Av
Publisert

Indremisjonsrørsla er ikkje underlagt kyrkja, det er ei fri og sjølvstendig rørsle som vaks fram ved vekkingane og det misjonsengasjementet som dei førte med seg. Huset vart opprinneleg kalla Betel, men det namnet vert ikkje nytta til vanleg.

I og med at dette bedehuset er så nytt, er det samstundes eitt av dei mest moderne i Kvinnherad.

– Dei ulike lokala er godt utstyrt med tekniske hjelpemidlar. Mellom anna deler me ikkje ut salmebøker når me syng, me viser songane våre på projektor, fortel han og peikar mot det kvite lerretet øvst i salen.

Arne Lindekleiv er leiar i Husnes Indremisjon. Her framføre Husnes bedehus.

Arne Lindekleiv er leiar i Husnes Indremisjon. Her framføre Husnes bedehus.

Husnes bedehus har også eiga nettside, og vart dermed eit av utgangspunkta då denne serien byrja å ta form som idé. På nettstaden deira kan ein få med seg ord for dagen og få eit oversyn i kalenderen på komande arrangement og møter. Styret i Husnes Indremisjon, som er eigar av huset, held koken med eit breitt og innhaldsrikt program året igjennom.

Storsalen er lys og romsleg, det er husrom og sitjeplassar for mange. Husnes bedehus er også eitt med ganske god aktivitet på tvers av både alder og etnisk bakgrunn, då kjem alle stolane godt med. I kjellaren er ein etasje tilrettelagt for dei unge, med alt frå tv-spel, musikk og ikkje minst is-kiosk. Her steller dei i stand nattkafé for ungdommar frå 8.trinn og oppover kvar fredag, eit populært rusfritt tilbod der ungdom kan samlast.

Inkluderande

Småsalen i første etasje har mellom anna vore nytta av ortodoks-kristne innvandrar.

– Då det var mottak her hadde dei faste møte, informerer Lindekleiv.

Då arrangerte også Husnes Indremisjon interkulturelle samlingar kvar veke, der mellom anna ein del Syrisk kristne flyktningar deltok.

– Veldig mange trur det er flest muslimar som kjem frå Syria, men mange av dei er altså kristne, informerer han vidare.

Mottoet til Husnes Indremisjon er «Vi vil byggja varme, inkluderande kristne fellesskap, vinna nye for Jesus og gjera dei til hans disiplar.» Gjennom orda til Lindekleiv er det nettopp det inkluderande som skin gjennom.

Elles har bedehuset i mange år hatt barnehage i kjellaren, eit tilbod som no er avvikla. Speidaren har sett opp ein lavvo på eigedommen utanføre, og tunet vert dermed godt utnytta og brukt til glede for mange.

– Me kan vera opp til 40-50 menneske på eit søndagsmøte eller liknande samlingar, og det er ganske bra. Det er også ei tysdagsgruppe, der mellom fire og ti samlast til bøn. I tillegg er det god aktivitet i søndagsskulen, held Lindekleiv fram.

Marta Kroka, Tormod Sunde og Annemor Røssland vert dregne fram som nokre av eldsjelene som har stilt opp for både indremisjonen og for medmenneske i alle år. Sunde har i mange år hatt tilsyn med huset og organisert mange av dei tekniske løysingane ein har i huset. Røssland har i første rekke utført diakonale tenester, både gjennom besøksteneste og gjennom misjonsarbeid i Afrika. Kvinnheringen møter Kroka for ein prat om Husnes bedehus. Ho har vore med i styret sidan -78, det same året korttidsbarnehagen starta opp i kjellaren.

Ny bygd og nytt bedehus

– Det var den første barnehagen på Husnes. Det var ei gruppe på føremiddagen og ei på ettermiddagen, minnast ho.

Med stor tilflytting til bygda etter etableringa av Sør-Norge Aluminium i 1962, vart også behovet for å møtast for kristent lag større. Fram til 70-talet hadde Kaldestad vore møtestaden for indremisjonen, men det huset vart etterkvart både for gamalt og for lite, og på eit møte i 1970 vart det vedteke at ein skulle jobba mot å reisa eit nytt bedehus.

– Eg hugsar me kokte kaffikoppane før me hadde møte. Me heldt mest på å dampa vekk heile taket, fortel ho blidt.

Bedehuset på Kaldestad var verken isolert eller fritt for mus, og koppkokinga var standard rutine.

Arbeidet med å samla inn pengar til å byggja eit nytt bedehus tok til i 1971, og 7. November 1976 stod altså Betel klar på Husnes, med sine 149 kvadratmeter.

– Med det nye huset vart det også ei oppblomstring av aktivitetar; skulelaget, gute- og jenteklubbar, kor og søndagsskule. Det var mange unge som flytta til Husnes og etablerte seg. No flyttar folk helst vekk frå bygda for å gå på skule og finna seg jobb, oppsummerer Kroka, og legg til at ein må kristnast for kvar generasjon, at det ikkje er noko som skjer av seg sjølv. Etter nokre sekundar stille held ho fram.

– Det at Gud elskar meg blir berre større og viktigare jo eldre eg blir.

I dei avsluttande orda ligg truleg også noko av drivkrafta bak arbeidet dei legg ned i bedehuset sitt, med sine mange rom, og enno fleire opne armar.

Artikkeltags