Har eksistert som møtepunkt i bygda sidan 1915

Kloss i vegen på Seimsfoss ligg Guddalsdalen forsamlingshus. Der har det eksistert som eit møtepunkt i bygda sidan 1915.
Av
Publisert

Sjå oversikt over heile serien «Bedehusa i Kvinnherad» nedst i saka!

Det er snart 103 år sidan «indvielsesfesten», som vart halden på skjærtorsdag, 1.april i 1915. Som tidlegare nemnd i denne serien, var det først tale om at Seimsfoss og Omvikdalen skulle byggja bedehus i lag, men då det ikkje vart semje om kor huset skulle liggja, vart det til at det vart reist to bedehus - eitt i kvar bygd.

Akustikken er nesten for god!

Helge Naterstad er formann for huset. Han har fyrt i den staselege omnen for høvet – ein omn som tidlegare vart nytta som ei av fleire like varmekjelder i Kvinnherad kyrkje.

– Det går lang tid før det vert varmt her, fortel han, og held fram med å forklara korleis huset vert nytta i dag.

– Barnearbeidet held til i kjellaren. Her oppe er det så god akustikk, nesten for god! Det kan vera vanskeleg å høyra, og då kan du tenka deg korleis lyden vert med mange born! Med smått og stort er det opp mot femti personar inne, der borna sit på armlen, i vindaugskarmane og overalt! Me vel å ha det nede både på grunn av lyden, og det går dessutan ein del raskare å varma opp der.

Alt utan om barnearbeidet skjer i salane oppe. Der skipar dei til fast basar på våren, der inntekta går til huset. Dei siste åra har inntekta vore rundt 20.000 kroner på desse basarane, kan Naterstad melda om. Vidare får dei inn nokre kjærkomne kroner på kollekt ved møte, samt utloddingar og gåver frå private.

– Det er ei eldre dame som pleier å ringa oss før basaren og sei, «no må de komma å få litt pengar», fortel Naterstad takksamt.
Slikt engasjement fungerer både som motivasjon for vidare arbeid, samt som positive tal i ein nøkternt rekneskap.

Forsamlingshuset på Seimsfoss ligg midt mellom Omvikdalen og Rosendal. Dei tre har samarbeidd om møte, og tek lett turen til nabobygdene når det skjer noko. Sidan dei to ytste bygdene hadde tankar om eit samarbeid tidleg på 1900-talet, undrar eg om det ville vore aktuelt å ta opp tråden igjen no - når dei fleste har bil og ein avstand på tre kilometer trass alt er mykje kortare i dag enn det var for 100 år sidan.

– På eit vanleg møte er me mellom ti og tjue. Då nyttar me vetlesalen. Det er ei anna tid no, og distansane er kortare enn dei var før. På vanlege bedehusmøte går me til kvarandre her i bygdene. Men me vil nok stå på for fullt - ikkje for huset sin del, men fordi me står for noko, seier han med eit lunt smil.

Vidare legg han til at det truleg ville blitt møtt med både sorg og jubel blant bygdafolket dersom dei skulle legga ned drifta eller selja huset, og konkluderer med at forsamlingshuset på ingen måte er på dødsleiet.

Saka held fram under bildet.

Velkomne! Måleriet bak talarstolen er laga av den lokale og produktive kunstnaren Johs. L. Ness.

Velkomne! Måleriet bak talarstolen er laga av den lokale og produktive kunstnaren Johs. L. Ness.

Den lokale kunsten

På veggane i storesalen heng fleire bilete verd å nemna. Eitt av dei er laga av den lokale og produktive kunstnaren Johs. L. Ness, med fjella ved Rosendal sett frå Eidsvik som motiv. I tillegg heng eit stort maleri frå 1949. Laga same året som Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad heldt sitt 85. årsmøte, nettopp på Seimsfoss. Båtane låg tett på fjorden kan Naterstad fortelja, og rundt 5000 menneske fann vegen til bygda denne helga. I følgje Kvinnhersminne, «Tjue bedehus og ein baptistmenighet», regna det heile helga, dei åt måltida sine i eit «papirtelt» som var slått opp mellom det gamle meieriet og Guddalsvegen, samt at dei 5000 deltakarane måtte dela broderleg på totalt tre toalett. Kanskje ikkje så rart at dette er ei helg som vert hugsa og skriven om i bøkene.


Attende til måleriet!

I samband med årsmøtet var dette måleriet laga. Det måler nesten seks meter i lengda og kan lesast som eit moderne historiemåleri - både i storleik og med sitt narrative innhald. Det er eit tredelt bilete malt av Jon Øyro. Den første delen syner løa på Døssland der Indremisjonssamskipnaden vart etablert. Den andre delen syner Framnes ungdomsskule, medan den tredje delen er eit motiv frå ei friluftssamling der mange folk hadde møtt opp. Biletet pryda stemneområdet under det aktuelle årsmøtet, og prydar no ei solid veggflate i Guddalsdalen forsamlingshus, og dei tre delene fortel litt om historia til Indremisjonsamskipnaden, frå etableringa, fram til 1949.

Saka held fram under bildet.

Bildet frå 1949 vart laga som utsmykking til det 85. årsmøtet til Indremisjonssamskipnaden i Sunnhordland, Voss og Hardanger, ført i penselen av Jon Øyro.

Bildet frå 1949 vart laga som utsmykking til det 85. årsmøtet til Indremisjonssamskipnaden i Sunnhordland, Voss og Hardanger, ført i penselen av Jon Øyro.

Yrande liv i kjellaren

I kjellaren er det andre kunstverk som heng på veggane - men også dei er laga av lokale kunstnarar. Der er det fullt hus anna kvar veke, med song, hobbyaktivitetar og andakt for Maks barnelag og fredagsklubb for dei litt eldre.
– Det er her dei sit i karmane og på armlena, fortel Naterstad og peikar smilande rundt seg på dei gamle, fargerike møblane.

Malingsflekkar på borda og sjarmerande kunstverk laga av barnehender ser ein overalt. Broderte bilete på veggen, fillerye på golvet. Hyllene er fulle av utstyr til komande timar med skaparglede og kreativitet. Leiarane for barnelaget består av forutan Helge, Oddbjørg Heimark og Astrid Naterstad.
– Og me er veldig takksame for alle foreldra som er med, avsluttar Naterstad, og stikk nokre pennar med MAKS-logoen på i handa på underteikna, før ljosa vert slått av og elden i den vakre omnen får brenna ut.

Artikkeltags