Etterord om bedehusa

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Serien om bedehus i Kvinnherad er no over. Jorun Larsen har vitja dei fleste bedehusa i kommunen i serien som har gått i Kvinnheringen sidan i haust.

DEL

Kommentar 

Eg heiter Jorun Larsen og kjem frå Fitjar. I kvart bedehus eg har vore innom i løpet av dette arbeidet, har desse orda vore ein god introduksjon, for på Fitjar står bedehuset høgt i kurs hos mange. I min barndom gjekk eg på aktivitetane som vart skipa i bedehuset; basar, S-klubb og ope hus. Det var stort sett «der det skjedde». Utan å reflektera vidare over det då, var bedehuset - og kyrkja - ein av stadene der bygda samlast.

Dei siste åra har eg derimot reflektert over kor få av naboane mine eg kjenner namnet på, kor få stader som fungerer som samlingsstad for bygda og bygdene. Me bur tettare enn nokon gong, og avstandane mellom menneske er blitt større. Slik ser eg det.

Etter å ha lese ein artikkel på NRK si nettside om eit bedehus, som med tungt hjarta, vart selt på Bømlo, byrja eg å fundera på korleis det stod til med desse i Kvinnherad. Ein ser dei jo, der dei ligg ved vegen, med sine korskledde fasadar og blondegardiner i vindauga.

Det forundra meg då eg fann ut at Kvinnherad har fleire bedehus enn kyrkjer. Tolv kyrkjer tykte eg var mange, men det er altså fleire bedehus; dei er plassert frå Varaldsøy og Rosendal og utover i bygdene. Og i mange av dei er det framleis liv laga. For ikkje å gløyma kaker og kaffi!

I miljøet finn ein ei dugnadsånd ein sjeldan ser maken til. Bedehusa er bygt fordi folk har gjeve rundhanda både av tida si og av pengane sine. Sjølv om miljøet i og rundt bedehusa er blitt mindre, og dei som driv aktivt eldast til liks med husa, set det ikkje noko dempar på bygda si givarglede, noko ein kan sjå vitne om i alle husa. Kunstverk, møblement, spel, kjøkenbenkar og toalett; gåver frå privatpersonar eller andre lag finst i kvart av dei mange bedehusa. Eg tykkjer det er flott.

Eg har hengt meg opp i estetiske detaljar, som av menneska eg har snakka med mogleg ikkje har noko tyding for «saken», og «ordet». Ideen var dog aldri å skriva ein forkynnande reportasje, men å heller presentera desse husa og det dei rommar - både av materielle gjenstandar, samt historiane dei ber med seg.

Eg vart til slutt spurt om eg var truande. Det var Jan Tvedt som spurte då eg vitja Bringedalsbygda bedehus. Svaret mitt var nei. Dei eg har prata med om bedehusa i løpet av den siste tida har hatt vidt ulike tankar om kva eit bedehus er, og kven menneska som går der er. I mine auge står dei fram som engasjerte og takksame medmenneske og misjonærar. Husa er vitnesbyrd om over 150 år med tru, pågangsmot og samhold. Dei er samstundes med på å fortelja om ein epoke som mogleg har hatt si glanstid, jamfør den brune klokka i kjellarkjøkenet i Matre, som året rundt tikkar på vintertid.

Fleire har reist i bedehusland før meg, og også i samtida er det fleire som reiser i bedehuslandet Noreg. Oppslagsverka mine har vore Reise i bedehusland (2001) og «Tjue bedehus og ein baptistmenighet» (2011). Eg har óg funne inspirasjon i den fotodokumentaren til Erlend Berge, som ein kan følga på nettstaden bedehusland.no.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags