Kari gir seg med Senterkiosken

Kari Bremerthun søkjer etter etterfølgjar. Sjølv er ho på veg ut.

Kari Bremerthun søkjer etter etterfølgjar. Sjølv er ho på veg ut.

Etter ein mannsalder som sjølvstendig næringsdrivande vil Kari Bremerthun (66) frå nyttår nyta livet som pensjonist.

DEL

– Kiosklivet har vore utfordrande og kjekt, men no er tida inne for å gi seg, fortel Bremerthun.

Derfor har ho i desse dagar lagt Senterkiosken, som ligg i gamlesenteret på Husnes, ut for sal.  Sidan starten i 2001 har denne kiosken flytta heile tre gonger, men Bremerthun har stått fast. Før 2001 dreiv ho kiosk i Herøysund, i Rosendal og på Gjermundshamn. Innimellom fekk ho plass til sju år i Nordsjøen i tillegg.

– Eg var ganske ung då eg bestemte meg for å driva for meg sjølv – utan sjefar. Å styra seg sjølv passar meg bra. Eg likar best å ta ansvar og eigne avgjerder.

– Har det svart til forventningane?

– Stort sett har det det, men sjølvsagt har eg opplevd berg- og dalbanar, også når det gjeld økonomien. Lærdomen eg har fått om å ta tæring etter næring har vore god å ha med seg, smiler ho.

Bremerthun har klart seg godt, men no er ho sliten og ser fram til rolegare dagar. Til hausten fyller ho 67.  Håpet hennar er å selja kiosken til ein person som verkeleg har lyst til å driva vidare.

– Kven passar ei slik oppgåve for?

– Ein ansvarsbevisst og serviceinnstilt person som forstår at rekningar skal prioriterast før løn til seg sjølv, slår ho fast utan nøling.

– Kva gjer du om ingen melder seg?

– Då driv eg ut dette året og avviklar deretter. Husleigekontrakten min går ut ved årsskiftet, så det passar fint, fortel ho.

Senterkiosken har 2,5 årsverk og ei årleg omsetning på 7,5 millionar inkludert brutto speleinntekter. Ein stor del av det vanlege kiosksalet kjem frå folk som skal på kino.

– Kiosken ligg veldig greitt til med tanke på folkestraumen til og frå arrangement på kulturhuset. Og jammen er det mange hyggelege kundar innom. Ikkje minst er det grådig kjekke ungdomar på Husnes, rosar ho.

– Har nokon meldt interesse for å driva kiosken vidare?

– Ei viss interesse har det vore, men ingen har lagt inn tilbod, så langt.   

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags